Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert 23.02.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.06.2021

Teieplikta gjeld også ved overføring av sosialstønad til banken

Nav må sjå til at informasjon om personlege forhold ikkje vert gjort tilgjengeleg for banken når Nav overfører sosialstønad til mottakarens bankkonto.


Publisert 16.06.2021

Sosialstønad til husleige

Har ungdom som bur heime hjå foreldra rett på sosialstønad til husleige?


Publisert 23.04.2021, Sist endra 26.04.2021

Sosialhjelp til britiske statsborgarar

EØS-reglane for lovleg opphald i Noreg gjeld ikkje lenger for britiske borgarar, og det kan få verknad for retten på sosialhjelp.


Publisert 22.04.2021, Sist endra 23.04.2021

Sosialstønad til buutgifter

Statsforvaltaren i Vestland får ein del spørsmål om sosialstønad til buutgifter, både frå tilsette ved Nav og frå personar som søkjer Nav om hjelp. I tillegg er buutgifter ofte tema i klagesaker som vi behandlar.


Publisert 24.03.2021, Sist endra 25.03.2021

Nedgang i utbetalingane av sosialstønad i Vestland

I 2020 betalte kommunane i Vestland ut 697 millionar kroner i sosialstønad, ein nedgang på heile sju prosent samanlikna med året før.


Publisert 18.03.2021

Færre fekk sosialhjelp i Vestland i koronaåret 2020

I 2020 var det til saman 14 051 sosialhjelpsmottakarar i kommunane i Vestland fylke, ein nedgang på heile ni prosent samanlikna med 2019.


Publisert 11.03.2021, Sist endra 12.03.2021

«Inntil-vedtak» om sosialstønad er i strid med forvaltingslova og sosialtenestelova

Mange Nav-kontor har hatt praksis med å gjere “rammevedtak” eller “inntil‐vedtak” om sosialstønad, der det ikkje kjem nøyaktig fram kva beløp Nav vil utbetale. Arbeids- og velferdsdirektoratet har no slått fast at dei som får innvilga økonomisk stønad har rett til samtidig utmåling.


Publisert 17.02.2021

Rettar etter sosialtenestelova for personar frå land utanfor EU/EØS

Personar frå land utanfor EU/EØS-området har rett på tenester etter sosialtenestelova dersom dei har opphaldsløyve i Noreg for eitt år eller meir, og elles fyller kriteria for å få sosiale tenester.


Publisert 03.02.2021

Nav må vurdere barns beste

Når Statsforvaltaren behandlar klager på vedtak om tenester etter sosialtenestelova, og klagaren forsørger barn, skal vi sjå til at Nav har kartlagt og vurdert barnas situasjon og behov.


Publisert 22.01.2021

Nav skal stille krav om norskopplæring

Dersom ein sosialhjelpssøkjar under 30 år har hatt rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram, og manglande norskkunnskap er årsak til at personen ikkje er sjølvhjelpen, skal Nav stille krav om deltaking på norskopplæring som vilkår for å gi sosialhjelp.