Ein har ikkje rett på sosialstønad for å betale gjeld

I mange av sosialklagesakene som Statsforvaltaren i Vestland behandlar har klagar gjeldsproblem, og gjelda kan ha medverka til at klagar har fått økonomiske vanskar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2021, Sist endra 24.11.2021

Nav held gjelda utanom ved berekning av om sosialhjelpssøkjarar skal få sosialstønad. Når Statsforvaltaren behandlar klagen stadfestar vi Navs avgjerd om å ikkje ta omsyn til gjelda.

Sosialtenestelova gir ikkje rett på sosialstønad til å betale på lån

Dei som ikkje kan sørgje for eige livsopphald gjennom arbeid eller økonomiske rettar har rett til sosialstønad frå Nav. Kjerneområdet i livsopphaldsomgrepet omfattar grunnleggjande behov som mat, klede, bustad og straum, og tar også omsyn til nokre andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. 

Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i rundskriv 35 til sosialtenestelova at utgifter til dekking av alle former for gjeld som hovudregel ligg utanfor livsopphaldet. Direktoratet slår fast at økonomisk sosialstønad ikkje skal tilgodesjå kreditorar. Difor har ein til vanleg ikkje rett på sosialstønad til å betale gjeld. Her kan du lese rundskriv 35.

Unntak

Nav skal likevel ta omsyn til gjeldsutgifter som skuldast innkjøp av gjenstandar som inngår i livsopphaldet, som til dømes avdrag på kjøp av kjøleskap eller anna nødvendig innbu. Det same gjeld lån eller kreditt til nødvendig livsopphald, som mat, dersom søkjaren måtte ta opp lån til slike føremål i ein periode då ho eller han ikkje visste om retten til sosialstønad, trudde sosialstønad ikkje ville bli nødvendig eller kvidde seg for å oppsøkje Nav.  

Husleigegjeld

Nav må alltid vurdere om dei skal gje stønad til å dekke gjeld dersom søkjaren står i fare for å miste bustaden på grunn av ubetalt husleige. Nav skal leggje spesiell vekt på kva verknader det å måtte flytte kan få for barn og unge.

Dette medfører ikkje utan vidare at ein vil få sosialstønad til å dekke husleigegjeld. Nav har til dømes ikkje plikt til å gi stønad til å dekke gjeld som oppstår på grunn av høge buutgifter som søkjaren ikkje sjølv har råd til å betale, dersom det finst andre bustader med lågare husleige, som kan dekke søkjarens bustadbehov. Dersom vedkomande har fått råd av Nav om å finne seg ein rimelegare bustad, men ikkje har følgt dette rådet, vil Nav til vanleg ikkje ha plikt til å dekke husleigegjelda som søkjaren opparbeider.

Private lån

Vi har sett fleire døme på at klagaren har hatt problem med å betale privat gjeld. Det kan til dømes vere ein slektning eller ven som har gitt lån for å hjelpe i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Når klagaren ikkje har hatt pengar til å betale tilbake, så har ho eller han søkt Nav om sosialstønad til å betale gjelda, og Nav har avslått. Når søkjaren har klaga på vedtaket, har vi stadfesta avslaget. Dette er i samsvar med direktoratets lovtolking i rundskriv 35.

Økonomisk rådgjeving

Personar med låg inntekt skal i utgangspunktet ikkje betale meir på gjeld enn at vedkomande har att nok pengar til nødvendig livsopphald. Personar som berre har sosialstønad som inntekt skal som hovudregel ikkje betale gjeld.

Nav skal tilby økonomisk rådgjeving til både sosialhjelpssøkjarar, og andre, som har uhandterleg gjeld. Nav kan gje bistand til å kontakte kreditorar for til dømes å spørje om å få ein nedbetalingsplan, betalingsutsetting eller at gjelda vert sletta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.