Teieplikta gjeld også ved overføring av sosialstønad til banken

Nav må sjå til at informasjon om personlege forhold ikkje vert gjort tilgjengeleg for banken når Nav overfører sosialstønad til mottakarens bankkonto.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2021

Vi har sett døme på at Nav har skrive "sosialstønad", "sosialhjelp" eller liknande i merknadsfeltet, for å informere mottakaren om kva utbetalinga gjeld. Slik informasjonen vil vere tilgjengeleg for dei som arbeider i banken.

Etter sosialtenestelova paragraf 44 og forvaltningslova paragraf 13 har Nav plikt til å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til det Nav i forbindelse med sitt arbeid får vite om nokon sine personlege forhold. Nav har difor teieplikt om at nokon er sosialklient og at dei får sosialstønad. Nav bryt difor teieplikta dersom dei skriv "sosialstønad", "sosialhjelp" eller liknande i meldingsfeltet.

Vi vil difor presisere at Nav må ha rutinar for å sikre at teieplikta i slike tilfelle vert ivaretatt. Nav må sjå til at det ikkje står noko som røper klientforhold i meldingsfeltet, ved overføring av sosialstønad til mottakarens bankkonto.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.