Småbarnstillegget i statens rettleiande satsar for økonomisk stønad aukar

Arbeids- og sosialdepartementet har sendt eit rundskriv om endringa til kommunane og statsforvaltarane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2021, Sist endra 31.08.2021

Frå 1. september 2021 aukar barnetrygda for barn under seks år frå 1 354 kroner til 1 654 kroner. Endringa betyr at småbarnsfamiliar får 300 kroner meir barnetrygd i månaden for dei yngste barna.

Samtidig aukar satsen i statens rettleiande retningsline for økonomisk stønad for barn under seks år med 300 kroner i månaden. Klikk her for å sjå Arbeids- og sosialdepartementets rundskriv om auken i satsen.

Dei fleste kommunane nyttar statens satsar

Alle kommunane i Vestland, utanom tre, rapporterte til Statistisk sentralbyrå at dei ved årsskiftet 2020/21 nytta statens rettleiande retningsliner som grunnlag for utrekning av økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Dei tre kommunane som rapporterte at dei ikkje gjorde det var Bergen, Luster og Øygarden.

Kommunar som ikkje held barnetrygda utanom

Fleirtalet av kommunane i Vestland held ikkje barnetrygda utanom ved utmåling av økonomisk stønad. Det medfører at dei reknar barnetrygda som inntekt. Klikk her for å sjå oversikta over dei 28 kommunane i Vestland har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå at dei ved årsskiftet 2020/21 ikkje haldt barnetrygda utanom.

I kommunar som føl statens retningsliner, og som ikkje held barnetrygda utanom ved utmåling av økonomisk stønad, vil auken i barnetrygda 1. september 2021 gå til frådrag i stønaden. For at småbarnsfamiliar som lever på økonomisk stønad skal få 300 kroner meir i månaden i desse kommunane også, har Arbeids- og sosialdepartementet auka satsen for barn under seks år med 300 kroner i månaden frå og med 1. september.

Kommunar som held barnetrygda utanom

I alt femten kommunar har rapportert til Statistisk sentralbyrå at dei ved årsskiftet 2020/21 haldt barnetrygda utanom ved utmåling av økonomisk stønad. Klikk her for å sjå oversikta over desse femten kommunane. Tretten av desse kommunane, alle utanom Bergen og Øygarden, har rapportert at dei føl statens retningsliner.

I kommunar som føl statens retningsliner, og som held barnetrygda utanom ved utmåling av økonomisk stønad, får auken i barnetrygda dobbel verknad. Dersom ikkje desse kommunane vedtek noko anna, vil både barnetrygda og den økonomiske stønaden auke med 300 kroner kvar, slik at den samla auken vert 600 kroner. 

Dei to mest folkerike kommunane i Vestland, Bergen og Øygarden, har rapportert til Statistisk sentralbyrå at dei ved årsskiftet 2020/21 haldt barnetrygda utanom ved utmåling av økonomisk stønad og at dei ikkje føl statens retningsliner. Dersom desse kommunane ikkje vedtek noko anna, vil familiar med barn under seks år få 300 kroner meir per barn under seks år å leve for frå 1. september.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.