Må begge ektefellane skrive under på søknader om sosialhjelp?

Etter ekteskapslova har ektefellar gjensidig underhaldsplikt. Dette betyr at Nav må ha oversikt over økonomien til begge når dei behandlar søknader om sosialstønad frå ein som er gift.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.01.2023, Sist endra 23.01.2023

Nav har til vanleg behov for opplysningar om begge ektefellanes inntekter og utgifter, for å kunne vurdere hjelpebehovet til ein gift søkjar. Ein person som søkjer om sosiale tenester kan likevel ha rett til å bli vurdert individuelt sjølv om hen er gift. Viss ein ektefelle ønskjer å søkje om økonomisk stønad berre for seg sjølv, og ikkje ønskjer å involvere ektefellen, skal Nav vurdere behovet utan å involvere den andre. 

Nav må sjå til at saka er godt opplyst før dei gjer vedtak

Kva opplysningar søkjarane må leggje fram for Nav avhenger av den sosiale og økonomiske situasjonen som søkjarane er i, og kva dei søkjer om hjelp til. Nav skal berre be om opplysningar som er relevante for saka, og dei skal ikkje be om fleire opplysningar eller dokument enn det som er nødvendig.

Ved individuelle søknadar frå søkjarar som er gift skal Nav i utgangpunktet be om opplysningar om ektefellens økonomi då dei har gjensidig forsørgingsplikt. Søkjaren kan skaffe opplysningar om den andre ektefellens økonomiske situasjon, sjå ekteskapslova § 39. I nokre tilfelle kan Nav sjå bort frå den andre ektefellens økonomi. Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort greie for slike tilfelle i rundskriv 35 punkt 4.18.2.29 andre og tredje avsnitt.

Må begge søke?

I nokre av dei klagane vi hjå Statsforvaltaren i Vestland har behandla såg vi at enkelte kommunar krev at også den andre ektefellen leverer ein eigen søknad, når ein person som er gift søkjer om sosialstønad. Vi har også sett døme på at Nav krev at begge ektefellane signerer søknaden.

Når Nav får ein søknad frå ein gift søkjer, må dei undersøkje om den som søkjer ønskjer å søkje på vegner av seg sjølv og eventuelt sine barn, eller saman med ektefellen sin. Dersom ein søkjar opplyser at hen ønskjer å søkje om stønad for ektefellen sin ogso, må den andre ektefellen stadfeste dette ovanfor Nav. Korleis dette skal skje må Nav avklare med den som søkjer. Til dømes kan dette skje ved at Nav snakkar med den andre ektefellen. Dersom den andre ektefellen ikkje ønskjer å få sitt behov vurdert, må Nav likevel behandle den søknaden som ligg føre.

Formkrav til ein søknad

Forvaltningslova har ikkje formkrav til ein søknad, slik lova har til ein klage. Det betyr at Nav ikkje kan krevje at ein søknad må vere skrifteleg, eller at ein søknad blir signert for at Nav skal behandle søknaden. Dersom ein ønskjer å levere ein munnleg søknad til Nav, kan ein gjere det. Nav har plikt til å nedteikna munnlege søknadar.

Tilgjengelegheit til sosiale tenester

Økonomisk stønad etter sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett. Dei sosiale tenestene skal vere tilgjengelege for alle som har behov for slik hjelp, også for dei som kan ha problem med å setje fram ein søknad, for eksempel dei som har redusert psykisk og fysisk helse eller har språkutfordringar. Unødvendige krav frå Nav, til dømes om skrifteleggjering, kan føre til at sårbare familiar ikkje får den hjelpa dei treng.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar