Nav skal ikkje ta omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknader om økonomisk stønad

Arbeids- og velferdsdirektoratet har oppdatert rundskriv 35 etter lovendringa som gjeld frå 1. september 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.11.2022, Sist endra 19.01.2023

Sosialtenestelova § 18 tredje ledd lyder slik etter lovendringa: «Ved vurdering av søknad om stønad til familier skal det ikke tas hensyn til barnetrygd og barns inntekt av arbeid i fritid og skoleferier.»

Arbeids- og velferdsdirektoratet har oppdatert punkta 4.18.1, 4.18.1.6 og 4.18.2.27 i rundskriv 35 til sosialtenestelova. Dei skriv blant anna at lovendringa kan betre økonomien til barnefamiliane, og dei presiserer at barnetrygda heller ikkje skal takast med i vurdering av søknader om hjelp i ein nødssituasjon.

Du kan lese heile rundskriv 35 her.

I eit brev datert 26. september 2022 gjer Arbeids- og inkluderingsdepartmentet greie for kva lovendringa medfører på tre område:

  • Kva inneber det at Nav ikkje skal ta omsyn til barnetrygda ved vurdering av sosialstønad til familiar?
  • Kan Nav ta omsyn til barnetrygda når familien søkjer om naudhjelp?
  • Kan Nav grunngje avslag på «kan-ytingar» etter sosialtenestelova paragraf 19 med at familien kan bruke barnetrygda?

Du kan lese heile brevet her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.