Tilsyn avdekte manglar i oppfølging frå Nav

Statsforvaltaren slår fast manglar ved Nav-kontorets oppfølging av ein familie i Bergen, men har ikkje merknader til at Nav ikkje melde frå til barnevernet om saka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2022

Statsforvaltaren opna først tilsyn med barnevernstenesta, på bakgrunn av medieoppslag om at eit barn på 7 år var funne fastbunde og skadd i farens leilegheit. Ved dette tilsynet kom det fram at også Nav hadde hatt kontakt med familien. Vi har derfor også sett på Navs oppfølging av familien.

Formålet med sosialtenestelova er blant anna å bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Nav skal blant anna tilby opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem. Vidare har Nav og dei andre velferdstenestene eit felles ansvar for at barn og familiar får nødvendig hjelp og oppfølging.

Vår vurdering er at sosialtenesta i kontakten med familien har fått informasjon som dei ikkje har  følgt opp med nødvendige avklaringar og eventuelt tilbod om hjelp. Dette har skjedd fleire gonger, i ulike samanhengar. Vi har ikkje merknader til at Nav ikkje melde frå til barnevernet om saka, men kan ikkje sjå at dei gjorde det dei skulle for å bidra til at familien fekk den hjelpa dei hadde behov for.

Vi har bedt Bergen kommune melde tilbake innan 6. januar 2023 om korleis leiinga vil følgje med på at praksisen som førte til lovbrot blir retta opp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.