Statsforvaltaren ber Nav evaluere saka der ein gut var funnen i dårleg forfatning

Statsforvaltaren i Vestland har opna tilsyn med barnevernstenesta i Bergen i saka der eit 7 år gamalt barn vart funne i dårleg forfatning. Det sentrale i tilsynssaka er om barnevernstenesta har følgt opp forsvarleg. Vi ber no også Nav om å gjere ei eigenevaluering.

Publisert 08.09.2022, Sist endra 09.09.2022

Vi har bedt barnevernstenesta om å gjere greie for sitt arbeid i saka, frå første kontakt og fram til guten vart funnen. Kommunen har fått svarfrist 10. september. Det er for tidleg å seie når saka vil vere ferdig vurdert frå vår side.  

I vår gjennomgang av saksdokumenta gjer vi løpande vurderingar av om det kan vere grunnlag for å føre tilsyn med andre tenester. Vi har informasjon om at Nav har hatt kontakt med familien, men vi er ikkje kjende med omfanget av denne kontakten. På grunn av alvoret i saka, vil vi be om at Nav evaluerer sitt arbeid med saka og melder tilbake til oss om dette. Vi meiner det er av stor verdi at det vert gjort ei slik evaluering, for å sjå om det kan vere lærings- eller forbetringspunkt i tenesta.

Det er nyleg innført ei barnevernsreform, som mellom anna skal bidra til å styrke arbeid med førebygging og tidleg innsats innanfor velferd- og oppvekstsektoren. Nav kan på nærare vilkår ha meldeplikt til barnevernet. Kommunen bør derfor undersøkje og vurdere om Nav har gjort nok for å avklare situasjonen til barnet, og om Nav burde ha meldt bekymring til barnevernet.

Statsforvaltaren vil på bakgrunn av tilbakemeldinga frå kommunen vurdere om det er behov for vidare undersøking eller oppfølging frå vår side.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar