Nye næringar på garden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 24.05.2016

Urbant landbruk: "Vi deler på avlingane"

Andelslandbruk? Nabohage? Byhage? Pallekarm på tak? Initiativa er mangfaldige. Felles er at forbrukarane deltar aktiv i matproduksjonen og deler på avlingane: Medlemskap eller årsavgift versus kilopris per produkt.


Publisert 11.04.2016

Ledige plassar på helgekurs for naturbruksinteresserte ungdommar

4H Rogaland har ledige plassar på kurs. Inn på tunet 15. -17. april og Pelsdyr 22.-24. april. Målgruppa er ungdom med interesse for naturbruk og matproduksjon.


Publisert 05.04.2016

Lag websider på 1-2-3

Mange bedrifter har behov for å ha eigne heimesider. Facebook er for nokre eit alternativ til heimesider, men ofte er det ikkje nok. Bli med på kurs og la verksemda di få ny heimeside. Saman med skape.no vert det 12. og 14.april  arrangert eit kurs på Jørpeland for bønder og andre verksemder.


Publisert 05.04.2016

Mjølk på ymse vis

Laurdag 9.april 2016 kan du lage din eigen ost på Landa på Forsand. Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri er kurshaldar og vil gi både praktisk og teoretisk fagleg påfyll for deltakarane.


Publisert 30.03.2016

Snart tomt for Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (UTM)

Vi har fått inn mange gode søknadar og er snart tomme for midlar. Potten er på kr 4 800 000,- og midlane er mellom anna gitt til tiltak som skal utvikle tidleggrønsaker, kvalitetskålrot, bier og honning, fleire lausdriftsfjøs og meir aktivt skogbruk.


Publisert 21.03.2016

Vil du sjå ein moderne frukthage?

Nye og potensielle fruktdyrkarar er velkomne til fruktsafari på Ombo 2. april. Her vil dei treffe Roald Vold og Marianne Kåsen, som har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på tur, og bli inspirert!


Publisert 14.03.2016

Har du ein god idé?

Er du ein gründer, etablert bedrift, offentleg aktør eller ein kreativ bonde? Sit du på ein god idé? Sjå filmen om verkemiddelkameratane, og finn ut korleis du kan få hjelp til å realisere din idé!


Publisert 25.02.2016

Krevjande utbygging for mjølkebøndene - skal bli betre til å planlegge

I ei undersøking har TINE Rådgiving funne ut at mjølkebruka i Rogaland i snitt aukar mjølkekvota med 79 prosent ved utbygging. Da er det forståeleg at bøndene opplever utfordringar med økonomi og styring av garden. TINE Rådgiving svarer med å gi bønder tilgang til betre reiskap til å planleggje og gjennomføre byggeprosessen og opptrapping av produksjonen.


Publisert 16.02.2016

Mjølk frå distrikta taper terreng

Mjølkeproduksjonen i Rogaland har dei siste åtte åra auka med 3,9 % og ligg no på  291 millionar liter. Trenden har dei siste åra vore ganske klar; mjølka renn til Jæren. Sidan 2008 har produksjon av mjølk på Jæren auka med 7,1 %, og er i dag på heile 190 millionar liter.


Publisert 27.01.2016

Fruktinspirasjonstur til Sør-Tyrol 15-19 mars 2016

Bli med på studietur til Sør Tyrol og bli fruktdyrkar. Sør-Tyrol ligg langt framme når det gjeld dyrking av frukt. Av einskilde sortar eple får dei 6000 kilo på eit dekar. Tradisjonell fruktdyrking gir i Noreg opp mot 1000 kilo pr dekar. Ved å plante tettare, gjødsle og vatne systematisk kan dei flinkaste fruktprodusentane i Noreg få 4500 kilo pr dekar. Påmeldingsfrist til turen er 31.januar.