Ledige plassar på helgekurs for naturbruksinteresserte ungdommar

4H Rogaland har ledige plassar på kurs. Inn på tunet 15. -17. april og Pelsdyr 22.-24. april. Målgruppa er ungdom med interesse for naturbruk og matproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2016

Inn på tunet. 15.-17. april

Inn på tunet- kurset blir arrangert hjå Anita og Tor Martin Haga på Hagatoppen gård i Sandnes. Dei tok over garden for nokre år sidan, og driv i dag med grøn omsorg. I tillegg leiger dei ut stallplassar til hestar, har produksjon av slaktegris og sau og dessutan høns, gjess, ullgris, storfe, kat, hund og esel. På kurset vil ungdommane få eit godt innblikk i aktiviteter som er aktuelle å tilby innan grøn omsorg.

Pelsdyr 22.-24. april

Hjå Jan Arild Seldal i Sandnes vil deltakarane møte ein engasjert pelsdyrbonde med lang erfaring. I løpet av helga vil det vere nokre valpinger. Mesteparten av tida vil bli brukt til klargjering av valpinga.  

Eigenandel for begge kursa er 200 kr. Les meir om kursa på www.gronframtid.no

Grøn ungdom 2016

Kursa er ein del av "Grøn framtid 2016" der målet er å rekruttere ungdom til naturbruksnæringane. Prosjektet blir gjennomført av 4H i tett samarbeid med landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland, Skogselskapet i Rogaland og Fiskerifaglig opplæringskontor.

Målgruppa er ungdom født mellom 1994-2001, som er interessert i naturen og kanskje kan tenke seg å ha det som næring i framtida.

Prosjektet er finansiert av Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.