Nye næringar på garden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 14.08.2014

Temakveld "Økonomi i storfekjøttproduksjon" i Aksdal

Komande onsdag 20. august frå kl. 19.00 til kl. 21.00 arrangerer Storfesatsinga i Rogaland og Tveit Regnskap temakvelden «Økonomi i storfekjøttproduksjon».


Publisert 20.05.2014

Betre økonomi i jordbruket vårt

Tal frå NILF viser ein auke i jordbruksinntekta på gardsbruk i Rogaland og Agder frå 2011 til 2012.


Publisert 05.03.2014

Bøndene i Rogaland investerer

Alle dei bedriftsretta BU-midlane blei brukt opp i 2013 og storparten av midlane har gått til 36 nye storfefjøs og 27 sauehus. Dette er vonleg eit godt teikn på at bøndene i fylket også vil investere i åra som kjem.


Publisert 27.02.2014

Stor interesse for bygging av nye kufjøs

Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.


Publisert 17.02.2014

Nytt etablerarkurs i Ryfylke

Torsdag 20. februar kl 18:00-20:00 på Strand VGS blir det heldt eit informasjonmøte om etablerarkurs i Ytre Ryfylke. Etablerarkurs er for dei som har starta, eller ønskjer å starte eigen bedrift.


Publisert 21.01.2014

Temamøte om økonomi i storfeproduksjon

Storfeprodusentar ønskjer meir kunnskap om økonomi og rasjonell drift, og det er grunnen til at dei no blir invitert på møtet om økonomi  på Landbrukssenteret på Helleland 5. februar kl 19 – 21.


Publisert 08.01.2014

Kva er ein god 4H- klubbrådgjevar?

Denne helga, 3.-5. januar var over 70 klubbrådgjevarar frå heile fylket samla til inspirasjon, debatt og ny kunnskap.


Publisert 03.01.2014

Matauk på Matsmiå 2014

Velkomen til spennande og lærerike dagar på MatSmiå 19. - 20. februar på Karmsund vgs i Haugesund. Ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og kompetanseheving!


Publisert 05.12.2013

Bruk Lysefjorden

Lysefjorden har 500 000 reisande, kva kan distriktet tilby desse? "Bruk naturen og formidle det ekte" sa Bjørn Moe på samlinga om turisme i Lysefjorden tysdag kveld.


Publisert 26.11.2013

Bygg landbruksbygg i tre

Sauebøndene Eli og Helge Nygård i Forsand har bygd nytt sauefjøs i tre for 60-70 sauer. Torsdag 28/11 2013 vert det mogleg å studere fjøset nærare.