Nye næringar på garden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.05.2015

Etablerarkurs - mykje nyttig informasjon på kort tid

12 kvinner og menn, hovudsakeleg frå Strand, Forsand og Hjelmeland, har deltatt på eit etablerarkurs over 6 kveldar på Tau. Entreprenørskap, skatt, moms, marknadsføring, prissetting og budsjettering har vore tema. Dette er det første etablerarkurset på 21 timar som skape.no nokon gong har halde.


Publisert 03.05.2015

Fruktsafari 30. mai 2015

Det er stor interesse for fruktdyrking i Rogaland og 30. mai blir det arrangert fruktsafari til Roald Voll og Marianne Kåsen på Ombo. Dei har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på fruktsafari og sjå det med eigne auge. Påmelding innan 28.mai.


Publisert 01.05.2015

Storkonferanse med meistring som ballast

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Noko av svaret får du på ein nasjonal konferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2. - 3. november 2015. 


Publisert 14.04.2015

Kurs i sosiale medium for nyetablerar, bedrifter og bønder

Dei seinare åra har det skjedd ein digital revolusjon når det gjeld nye metodar å bygge nettverk. Bli med på kurs på Jørpeland 20. april 2015 for å lære meir om Facebook, LinkedIn, You Tube og Twitter.


Publisert 26.03.2015

Prosjekt med støtte frå Fylkesmannen i Rogaland i 2014

I 2014 var det kr 5 448 931 disponibelt til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og til økologiske prosjekt. Kr 5 407 485 blei løyvd til totalt 50 søknader.


Publisert 24.03.2015

Ungdom med Grøn framtid ... og kanskje ein Limousin?

For å gi ungdom ein smakebit av kva det vil seie å leve av naturen, starta prosjektet Grøn Framtid opp med kurs innan forskjellige tema for ungdom i Rogaland i fjor. Det blei arrangert helgekurs med små grupper hos engasjerte næringsdrivande. Grøn Framtid held fram med spanande kurs for naturbruksinteresserte ungdom i år.


Publisert 27.02.2015

Etablerarkurs startar på Tau 3.mars

Ønsker du å starte bedrift eller skal du overta ein gard?  Har du drive ei stund, men treng fagleg påfyll? Då kan det vere nyttig å delta på eit etablerarkurs.


Publisert 28.11.2014

Temakveld Bygningar til storfe

Storfesatsinga i Rogaland og bygdeutvikling i Dalane inviterer til temakveld om bygningar til storfe.


Publisert 20.11.2014

Satsar på næringsutvikling i utvalde kulturlandskap

Hanasand Gård & Kjøkken bidreg til næringsutvikling i dei utvalde kulturlandskapa i Rogaland. I 2014 blei dei, som eit ledd i satsinga på næringsutvikling, med i satsinga på utvalde kulturlandskapet på Rennesøy.


Publisert 10.11.2014

Humør, energi og aktuell kunnskap

Dei 15 nyetablerarane frå Strand, Hjelmeland, Forsand og Finnøy fekk ei god innføring i det å starte eiga bedrift på introduksjonskurset på Jørpeland 6. november 2014. Den viktigaste drivkrafta er personen bak etableringa av verksemda.