Mjølk på ymse vis

Laurdag 9.april 2016 kan du lage din eigen ost på Landa på Forsand. Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri er kurshaldar og vil gi både praktisk og teoretisk fagleg påfyll for deltakarane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.04.2016

Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri starta hausten 2015 eit eige ysteri midt i Stavanger sentrum med fokus på berekraftige råvarer, kompetanse, godt modna ostar og dagsferske meierivarer av beste kvalitet. Ho har brei bakgrunn innan mjølkeforedling og vil dele sine erfaringar og gi kunnskap om korleis ein lagar ost.

Mjølk på ymse vis

Laurdag 9.april 2016 kl 10-15
Landa Park, Haukalivegen 24, 4110 Forsand

PROGRAM

10:00 Velkommen og presentasjon av deltakarane
10:30 Gjennomgang av programmet
10:45 Start ysting av Feta
11:15 Teori
11:45 Tilsett løype til Feta
11:50 Lunsj
12:30 Skjer og rør Feta
13:00 Form Feta
13:30 Inspirasjon
14:30 Snu Feta
14:40 Spørsmål og avslutning
15:00 Slutt

Pris: kr 200

Påmeldingsfrist: Snarast til kari.sand@strand.kommune.no – 950 31190

Ta med to små syltetyglas, så får du kulturar med deg heim.

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Fylkesmannen i Rogaland

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.