Modne morellar til 1. juni

Nytt liv i gamle veksthus gjer at dei tidlegaste morellane blir hausta allereie første veka i juni. Med ulike sortar er tanken å kunna hausta veksthus-morellar frå mai til september. Geirmund Helgøy på Helgøy er ein av dei som satsar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2016

Han har lagt om veksthusa frå tomat- til morellproduksjon, og har til saman planta rundt 2.000 tre i dei to veksthusa på garden. I år blir dei første «konfekt-morellane» testa i marknaden.

Bærdyrking i gamle veksthus

Som i landbruket elles skjer det også strukturrasjonalisering innan veksthussektoren. Større og meir kostnads- og energieffektive veksthus overtar for dei tradisjonelle 1-2 daa store tomatveksthusa i Rogaland. Kloke folk tenkte at det var for gale å rive dei gamle og utrangerte veksthusa. Med hjelp frå Norsk Institutt for bioøkonomi (Nibio) er 10-12 gartnarar i Rogaland i full gang med å teste ut produksjon av jordbær, bringebær, rips og morellar i eldre veksthus.

Næringsutviklar Åge Jørgensen ved NIBIO har klart å skape entusiasme for dyrking av delikatessebær, først og fremst morellar. Han leier eit 3-årige utviklingsprosjekt som Jørgensen definerer som forskingsbasert næringsutvikling. Fordelen med å dyrke i veksthus er den gode kvaliteten på bæra, og at bæra er modne lenge før frilands- og tunnelbæra. Bæra blir store, smakar godt og unngår sprekking, som er eit problem i konvensjonell morellproduksjon. Med dyrking i 35 l potter i veksthus, gjødselvatning og klimastyring, har gartnarane god kontroll over vekstfaktorane.

NIBIO Særheim går føre og «brøytar løype» for å finne nye dyrkingsmetodar for dei ulike bærslaga, og testar ut ulike sortar. Erfaringane og resultata blir fortløpande presentert for deltakarane gjennom prosjektmøte, gartneri-vandringar etc. Produsentane prøver vidare i sine gartneri, og erfaringane blir delt i prosjektgruppa.

– Vi tar det beste frå kvarandre, med praktisk kommunikasjon og erfaringsutveksling blir det effektiv kunnskapsbygging og raske resultat, erfarer Jørgensen. Kopling av kunnskapar frå tomatproduksjon og fruktdyrking kan visa seg å bli fruktbart, meiner Jørgensen.

Det heile starta i 2012 med to innovasjonsdialogar i VRI (regionale verkemidlar til innovasjon, forsking og utvikling) der tema var ny bruk av utrangerte veksthus. Dei mest ivrige gartnarane blei med i eit kompetanseprosjekt finansiert av Innovasjon Norge. Planen er å vidareføre utviklingsprosessen gjennom eit nytt 3-årig prosjekt, som er søkt finanisert gjennom Regionalt Forskningsfond Vestlandet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.