Nye næringar på garden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.02.2021

Nyttig webinar om investeringsmidlar i landbruket

Onsdag 24. februar arrangerte vi webinar saman med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge om situasjonen knytt til stor konkurranse om investeringsmidlar i landbruket.


Publisert 17.02.2021

Tomt for investeringsmidlar (IBU) i Rogaland

Allereie første veka i januar kunne Innovasjon Norge Rogaland melde om heile 42 innkomne søknader om investeringsmidlar, med samla søknadssum på om lag 39 millionar kroner. Ramma for IBU-midlar i Rogaland for 2021 er om lag 38 millionar kroner.  


Publisert 01.02.2021

Kva kan bønder i Rogaland søke Innovasjon Norge om?

Nytt år og nye moglegheiter! For ein del bønder vil det vere aktuelt å ta kontakt med bankar og Innovasjon Norge for å søke om finansiering til nye prosjekt på garden.


Publisert 29.01.2021

Krevjande å få realisert nye, mellomstore mjølkefjøs

Statsforvalteren hadde den 27. januar samråd med region Vestland om korleis fleire mjølkefjøs kan bli realisert. Hovuderfaringa er at slike nye fjøs med kapasitet for 15 – 30 kyr ofte gir for lita lønsemd, samstundes som det er eit mål å stimulere til nybygg.


Publisert 27.01.2021

Skaff deg meir kunnskap om gamle storferasar

Urfe SA gjennomfører webinar torsdag 4. februar og måndag 8. februar. På det første webinaret er det fokus på økonomi i kjøtproduksjonen, og på det andre er det økonomi i mjølkeproduksjonen.


Publisert 11.01.2021

Sterk opphenting av egg-produsentane

På tre år har egg-produsentane i Rogaland snudd opp ned på statistikken for frittgåande verpehøns. No er åtte av ti høner frittgåande.


Publisert 11.12.2020

Med historia i ryggen og moglegheitene framføre seg

Pia Flæte var berre nøydt til å ta bilete av dei mange siloballane som låg spreidt utover ekra foran gardane i Øvre Vats, og biletet gav ho ein andreplassen i fotokonkurransen "Mangfaldig landbruk i Rogaland". No planlegg ho og mannen drifta på garden med historisk sus og mange moglegheiter.


Publisert 10.12.2020

Med hjarte for landbruk i sentrum av Sauda

May Kristin Lofthus har hatt interesse for gardsdrift heilt frå ho som born fekk vere med til heis med kyrne. Omgitt av husdyr og vakker natur tek ho mykje bilete, og to av dei kom heilt til topps i fotokonkurransen «Mangfaldig landbruk». No legg ho planar for si eiga gardsdrift i Sauda.


Publisert 08.12.2020

Og prisen går til Reve kompost!

Reve kompost har gjort handtering av organisk avfall til solid business. I dag fekk dei Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for sitt arbeid. – Dei bidreg til sirkulærøkonomi i praksis, seier juryleiar og leiar av Innovasjon Norge i Rogaland, Kari Holmefjord Vervik.


Publisert 24.11.2020

Nyyyt leverer til heile landet

Ein av grunnane til at lokalmatverksemda Nyyyt frå Bjerkreim har lukkast i daglegvarehandelen er at dei har "eit vanvittig, sterkt fokus på kvalitet".