Sterk opphenting av egg-produsentane

På tre år har egg-produsentane i Rogaland snudd opp ned på statistikken for frittgåande verpehøns. No er åtte av ti høner frittgåande.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2021

I 2017 var det berre 40 prosent av verpehønsa i Rogaland som var frittgåande, mot 60 prosent på landsplan. I 2020 er heile 84 prosent av alle verpehønsa i Rogaland frittgåande i aviar (frittgåande i større bursystem).

Rogaland har om lag 30 prosent av all eggproduksjon i Noreg med 1 049 584 høner fordelt på 135 føretak. Føretak med færre enn 1000 høner er ikkje tatt med i statistikken.

Frå nettingbur til miljøbur i 2012

Det er betydelege summar som er investert i egg-næringa dei siste åra for å tilfredsstille krav til dyrevelferd og forbrukarane sine krav om egg frå frittgåande høns. Mange egg-produsentar investerte tungt i omlegginga som skjedde i 2012 då nakne nettingbur blei forbode. I følgje Nationen blei det investert to milliardar kroner på landsplan for å betre dyrevelferda til verpehønsa. Om lag 60 prosent av bønder i Rogaland la om til miljøbur med vagle, reir og strøbad. Alternativet var aviar.

Frå miljøbur til aviar i 2017

I løpet av dei siste tre åra har 67 produsentar lagt om frå miljøbur til aviar/frittgåande. Ein kan rekne 1,5 – 2,5 millionar kroner pr produsent som har produksjon opp til konsesjonsgrensa på 7500 verpehøns, og det betyr at det er investert 100 - 150 millionar kroner dei siste tre åra i eggnæringa i Rogaland.

Desse to omleggingane viser berre kor utsett næringa er for krefter utanfrå, og kor lite føreseieleg politikken er på området. Det er innlysande at dette er tøffe tak for produsentane når toppmoderne utstyr i 2012 må vrakast i 2017, og det betyr indirekte at store summar går tapt i næringa.

Økonomisk drahjelp

Det er brukt noko regionale investeringsmidlar frå Innovasjon Norge for å redusere risikoen ved investeringane, men det er ikkje mykje kvar enkelt egg-produsent har fått når pengekaka på kr 41,6 millionar kroner for 2020 skulle delast med andre driftsgreiner som mjølk, frukt, grønt, lokalmat, bioenergi, reiseliv med meir. I 2020 fekk egg-produsentar 150 000 kr kvar i støtte til omlegginga.

Innovasjon Noreg Rogaland får berre 8 prosent av dei nasjonale investeringsmidlane, men har mellom 20 - 30 prosent av den totale landbaserte matproduksjonen. Då seier det seg sjølv at bøndene må bere mykje av risikoen ved investeringane sjølv i tillegg til stor eigeninnsats.

I følgje Innovasjon Noreg er det ikkje investeringsmidlar i 2021 til omstilling i verpehønsproduksjonen.