Med historia i ryggen og moglegheitene framføre seg

Pia Flæte vann lokalproduserte matvarer og kjekinn for andreplass i fotokonkurransen «Mangfalding landbruk i Rogaland». Her foran det restaurerte bolighuset på garden i Øvre Vats.
Pia Flæte vann lokalproduserte matvarer og kjekinn for andreplass i fotokonkurransen «Mangfalding landbruk i Rogaland». Her foran det restaurerte bolighuset på garden i Øvre Vats. Foto: Birgit S. Hagalid.

Pia Flæte var berre nøydt til å ta bilete av dei mange siloballane som låg spreidt utover ekra foran gardane i Øvre Vats, og biletet gav ho ein andreplassen i fotokonkurransen "Mangfaldig landbruk i Rogaland". No planlegg ho og mannen drifta på garden med historisk sus og mange moglegheiter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.12.2020

I Øvre Vats ligg to gardar side om side med utsyn over Vatsvatnet og fjellet i bakkant. Pia Flæte bur på den eine av dei i saman med mann og born, og bilete hennar med siloballane som ligg spredt utover ekra foran husa som haggel etter ei skikkeleg byge vann andreplassen i fotokonkurransen «Mangfaldig landbruk i Rogaland».

Familien flytta til garden for berre to år sidan, og har no teke over eigedomen. Med mange bygningar frå 1800-talet er både bygga og tunet verneverdig, noko som sett kreativiteten og skapartrongen i sving. Dei førre eigarane restaurerte bolighuset og sette i stand den gamle løa og fjøset til festlokale med bar og scene. Løa og fjøset hadde stått tomt i mange år fordi det braut ut sjukdom blant sauene der. Steingolvet gjorde at saneringstida vart ekstra lang, og i mellom tida blei det sett opp eit nytt fjøs. Gamlefjøset blei ståande tomt og no som det er restaurert byr det på mange moglegheiter for dei nye eigarane. Draumen til Pia og mannen er at dette kan bli eit lokale for utleige til bryllup og festlege lag. Neste skritt i planane på garden er difor å mellom anna lage i stand til overnatting og toalettfasilitetar i det gamle eldhuset.

Tunet på garden der Pia Flæte bur er verneverdig og fram til 90-talet stod husa slik dei hadde gjort sidan dei blei bygd på midten av 1800-talet. No er bolighuset og den raude løa er sett i stand med moderne fasilitetar.
Tunet på garden der Pia Flæte bur er verneverdig og fram til 90-talet stod husa slik dei hadde gjort sidan dei blei bygd på midten av 1800-talet. No er bolighuset og den raude løa er sett i stand med moderne fasilitetar. Foto: Birgit S. Hagalid.

Pia er utdanna som kjole- og draktsyerske, og har jobba på skulen i Skjold, men no er det gardsdrifta og framtidsplanane som fyller agendaen. Dette viser igjen på ynskjelista til jul, for øvst på denne troner ynskje om ei siloballerive og isolasjon i gamlefjøset. Ho kjem frå gard i Skjold med mjølkekyr og pelsdyr, men då ho gjekk ut i permisjon med siste bornet i fjor såg ho sitt snitt til å gå Vinterlandbruksskulen. Nettverket og kjenskapen til andre bønder i nærområdet beskriv ho som like verdifullt som kunnskapen ho sitt igjen med frå skuletimane.

Det er svigerforeldra til Pia som driv nabogarden og om nokre år tek ho og mannen over. Då blir dei mjølkebønder i tillegg til dei 60 vinterfora spelsauer og stutane som dei har no, for ikkje å gløyme hobbyhønene på tunet. Tunet ligg nært kvarandre og dei er allereie godt integrert i drifta på nabogarden. For mange år sida var dei ein gard, og når dei med tida tek over blir dei to gardane eitt igjen.

Sauene i fjøset kjenner bonden godt og veit å stikke hovudet fram for å få litt kos.
Sauene i fjøset kjenner bonden godt og veit å stikke hovudet fram for å få litt kos. Foto: Birgit S. Hagalid.