Me vil gratulera vinnarane av fotokonkurransen!

Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda.
Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda. Foto: May Kristin Lofthus.

Me har fått inn mange gode bidrag i konkurransen, og det var ikkje lett å kåra vinnarane med så mange flotte bilete. Men me vart samde til slutt! 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.10.2020

Under finn du vinnarbileta, samt eitt med heiderleg omtale. Tusen takk til alle som bidrog i konkurransen! 

I vurderingane av bileta har juryen fyrst og fremst lagt vekt på fototeknisk kvalitet og historia som ein kan lese ut av motivet. Juryen har også hatt i bakhovudet at vinnarane skal gjenspeile både det kvardagslege og det meir annleis landbruket med har i fylket.  

1. plass går til May Kristin Lofthus

Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda.
Limousin på veg heim frå fjellbeitet i Åbødalen i Sauda. Foto: May Kristin Lofthus.

Juryens kommentar: Eit majestetisk og godt komponert bilete som viser eit av Noregs mangfaldige landskap. Det er eit spanande motiv som ein ikkje ser så ofte. Biletet viser kyr som er på veg heim frå fjellet, men gir oss også assosiasjonar til kyr i flukt. Lyset og dyra gjer motivet spanande!  

2. plass går til Pia Flæte

Juryen sin kommentar: God komposisjon og framstilling av korleis jordbruket kan vere med å forme og sette preg på landskapet. Dei kvite «traktor-egga» som ligg strødd er ofte eit vanleg syn rundt omkring i Rogaland gjennom sommarmånadane. Samtidig er det ikkje alltid ein ser dei på denne måten, der det faktisk ser ut som dei har regna frå himmelen. Morosamt! 

Fotografen Pia Flæte fortel at ho likar godt å fotografere men at det er mest på hobbybasis. Ho og sambuaren driv no gard med sauer og nokre stutar. Dei er i oppstartsfasen og i ferd med å gradvis utvide drifta. Garden på biletet er nabogarden og langt tilbake i tida var dei to gardane eitt. No er planen at Pia og sambuaren skal overta her også, og slik blir dei to gardane ført i saman igjen.  

3. plass går til May Kristin Lofthus

Juryen sin kommentar: Eit herleg døme på det norske haustfjellet. Komposisjonen er god og fargane friske. Blikket blir leia mot sauene og stølen via skyene på himmelen. Biletet er levande og me kjenner nesten den friske haustlufta ved å sjå på biletet. 

Me vil gratulerer vinnarane så mykje, og takka for bidraga dykkar!

Premiarheider og ære 

Det vankar lokale landbruksprodukt i premie til dei tre vinnarbiletaBileta vil også bli nytta i vår digitale kalender for 2021 som blir laga for den kommunale landbruksforvaltninga. 

Premiar:

  1. plass – Gåvekort på juletre frå ein lokal forhandlar
  2. plass – Kje-skinn og lokalmatspesialitetar
  3. plass – Gåvepose med lokalmatspesialitetar

Heiderleg omtale 

I tillegg til dei tre vinnarabileta vil me trekke fram denne tøffingen for heiderleg omtale.  

Fotograf Liv Haukås

Juryens sin kommentar: Flott og fager sau, med ulla i fokus. Ull frå norsk sau er i verdsklasse! Gode portrett er sjeldansærleg når det ikkje er like lett å gi motivet instruksar. Så dette er rett og slett eit blinkskot! 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.