Nyttig webinar om investeringsmidlar i landbruket

Trefjøs med lausdrift melkeproduksjon. Foto: Anfinn Rosnes

Onsdag 24. februar arrangerte vi webinar saman med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge om situasjonen knytt til stor konkurranse om investeringsmidlar i landbruket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.02.2021

Rogaland fylkeskommune har gjennom regionreforma mellom anna fått i oppgåve å administrere arbeidet opp mot landbrukspartnarskapet når det gjeld bruk og prioritering av investeringsmidlar i landbruket. Dette er eit særleg viktig arbeid i Rogaland, då det er stor konkurranse om midlane. Målgruppa for webinaret var bønder, kommunal forvalting og andre interesserte, og det var god deltaking.

Tomt for midlar i februar

Utgangspunktet for webinaret var den spesielle situasjon dette året, ved at Innovasjon Norge er gått tom for midlar allereie i februar. Stor kamp om midlane seier oss at det er investeringsvilje i næringa, samstundes er det fleire gode prosjekt som ikkje kan få investeringsstøtte.

Klar prioritering av nye mjølkefjøs

Anfinn Rosnes informerte innleiingsvis om status i næringa, og la mellom anna fram oppdaterte tal om status for båsfjøs og lausdriftsfjøs på kommunenivå. Det blei vist til døme frå Vindafjord og Suldal der mjølkeprodusentar er intervjua. Det er nyleg oppretta eit samarbeid med region Vestland med fokus på utfordringar for denne målgruppa.

Innovasjon Norge informerte om at det var mange saker i den prioriterte gruppa innan mjølkesektor, og at det nyleg har vore avklart med landbrukspartnarskapet at desse sakene skal prioriterast sjølv om det kan gå ut over andre føremål som også har prioritet. Dette gjeld eksempelvis ordninga om støtte ved generasjonsskifte. Elles informerte Innovasjon Norge om andre støtteordningar med tilknyting til landbruk, mellom anna om nasjonal pott til grøntsektoren og bioenergi.

God dialog viktig

Vår vurdering er at dette var eit nyttig webinar, særleg informasjonen knytt til at bønder ikkje søkjer om støtte til tiltak som uansett ikkje når fram i priroteringskøa. Samstundes gir eit slik digitalt treff lågare terskel for vidare dialog mellom ulike aktørar, noko som i sum gir spart arbeid for alle involverte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.