Tilsynsaksjon om kjeldesortering i Rogaland – her finn du alle rapportane

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn hos både store og små verksemder og kommunar for å sjå om dei følgjer krava til kjeldesortering

Publisert 25.11.2025

I haust har Miljødirektoratet koordinert ein nasjonal aksjon om utsortering og innsamling av avfall. Statsforvaltarane har vore på tilsyn i sitt fylke for å følgje opp dei nye reglane. 

Temaet var krava i avfallsforskrifta § 10a. Desse kom i 2023 og vart utvida i 2025 med fleire typar avfall som skal sorterast og leverast til materialgjenvinning. 

Vi må alle bli flinkare til å kjeldesortera heime, på jobb, på kjøpesenteret og i andre offentlege rom.

Verksemder og kommunen skal leggje til rette, men vi må alle bidra med å sortere riktig. 

Dette er dei vanlegaste avvika vi fann: 

  • Manglande gode ordningar for sortering av alle avfallstypar, særleg plastemballasje og matavfall 
  • Vurdering av kva som er “reint nok” til å kjeldesorterast
  • Gjenvinning av tekstilavfall 
  • Dokumentasjon på at avfallet vart levert til materialgjemvinning 

 

Alle rapportane finn du her:

Kommunetilsyn:  

Kommunale og statlege verksemder: 

Matservering: 

Daglegvarebutikkar: 

Kjøpesenter: 

Hotell: 

Kontorbygg: 

Andre verksemd: 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.