Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 03.11.2020

Kva skjer under overflata i Vestland?

Bambuskorall og nakensnegl, pigghå og tareskog - bli med på eit djupdykk i dei verdifulle naturområda langs kyst og fjord i fylket. Den marine verneplanen for Noreg omfattar fleire kandidatområde i Vestland.  


Publisert 23.09.2020

Marint vern: Høyringsframlegg for Stad og Dalsfjorden er sendt til godkjenning

Fylkesmannen i Vestland vart ferdig i august/september 2020 med høyringsframlegga for dei to marine verneområda Stad og Dalsfjorden. Dei to tilrådingane ligg no til fagleg gjennomgang og godkjenning i Miljødirektoratet. Mest truleg blir det høyring i løpet av seinhausten 2020.


Publisert 28.08.2020

Frivillig skogvern i Vestland

Naturmangfaldet i Vestland er under sterkt press. Frivillig skogvern er det viktigaste tiltaket for å ta vare på skognatur i Noreg. Her vil vi informera om dette arbeidet i Vestland.


Publisert 27.08.2020

Tilrår vern av Berdalen naturreservat

Fylkesmannen tilrår oppretting av Berdalen naturreservat i Lærdal kommune. Berdalen har gamal furuskog av høg vernekvalitet, og grunneigar har tilbydd skogen gjennom ordninga for frivillig skogvern. 


Publisert 17.08.2020

Tilrår frivillig skogvern av ni område

Fylkesmannen har sendt anbefaling til miljødirektoratet om frivillig vern av ni område i Vestland fylke. Tre av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.


Publisert 08.07.2020

Planlegg ferieturen på nett!

Nasjonalparkar og andre større verneområde er klare for besøk i ferien. Ein ny nettportal viser deg moglegheitene der du er.


Publisert 08.07.2020

Besøksstrategi for Stølsheimen og Nærøyfjorden er no klar

Etter tre års arbeid kan verneområdestyra for Nærøyfjorden og Stølsheimen presentere kvar sin besøksstrategi.


Publisert 23.06.2020

To nye skogreservat vedtekne i statsråd

I dag vart 30 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland, i kommunane Kinn og Gulen.


Publisert 23.06.2020

Lurefjorden og Lindåsosane er nytt marint verneområde

I dag vedtok Kongen i statsråd at Lurefjorden med Lindåsosane er det første marine verneområdet i Vestland fylke. 


Publisert 11.06.2020

40-års jubileum for Herdla naturreservat

I dag, 11. juni 2020, er det 40 år sidan Herdlevalen blei verna.