Høyring av frivillig skogvern for Osøyra i Kinn

Høyringsfrist:
1. september 2022 23:59
Flyfoto med skog og fjell og utløpet av ei elv
Osøyra er eit uvanleg stort område som no er verna gjennom ordninga frivillig skogvern. Den nesten 9000 dekar store skogen er leveområde for både truga artar og naturtypar, og eit vern vil bidra til ta vare på naturmangfaldet i framtida. Foto: Johan Trygve Solheim.

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Osøyra naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. september 2022.

Publisert 30.06.2022

Tilbodsområdet Osøyra er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.

Området ligg på fastlandet i den sørlege delen av gamle Flora kommune, sør for Eikjefjord. Arealet er avsett til LNF-område i gjeldande kommuneplan. Osøyra er uvanleg stort i skogvernsamanheng, og går frå 0 til 400 meter over havet på begge lisidene av Oselva/dalføret. Vi ber om høyringsinnspel for arealet som har ein storleik på 8757 dekar.

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)) vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. I 2020 var omlag 5 prosent av skogarealet og ca. 3,8 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har drøye 3 prosent skogvern i Vestland. I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget.

Mann peiker med stokk mot skog
Grunneigar fortel om historisk bruk av det store arealet han ønskjer å ta vare på for framtida. I ein verneprosess er det viktig å få fram både fagkunnskap om området, til dømes om artar og naturtyper, men også erfaringsbasert kunnskap frå grunneigar og andre brukarar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigaren på Osøyra har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er Norskog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigar, og som ser til at interessene til grunneigaren blir ivareteke.

Verneverdiar på Osøyra

Osøyra har verneverdiar av høg kvalitet og tilbodsområdet vil kunne dekke viktige manglar i skogvernet i Vestland. Innanfor tilbodet er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar av ulik storleik. To av disse er store, gamle tre av eik. Fem av naturtypelokalitetar er av regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Både boreal regnskog med furu og fattig boreonemoral regnskog vil kunne bidra til å sikre eit meir representativt utval av skog i fylket for framtida.

Osøyra har høge kvalitetar i både storleik og arrondering. Det tilbydde arealet dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell på begge sider av Oselva/dalføret og ligg delvis i lågareliggjande terreng. Dei mange lokalitetane av vestnorsk regnskog i tilbodsområdet er spesielt, då det både er fattig boreal fururegnskog og gamal kystfuruskog i blanding. Vestnorsk regnskog er ein skogtype Norge har eit særleg forvaltingsansvar for, og som dermed også gjer området verneverdig.

Det er registrert fleire sjeldne, trua og sårbare artar, som til dømes fossegrimemose og praktdraugmose. Området har gjennomgåande eldre skog, og vi er trygge på at det er fleire raudlista artar enn det som er registrert, særleg knytt til gamal/død furu. Tidlegare Flora kommune er eit viktig område for regnskog i Noreg, og lokalitetane på Osøyra er ein del av eit større nettverk av regnskogskvalitetar i regionen.

Innslaget av regnskogsartar er høgt til å ligge så langt nord og for enkelte artar er det både geografiske interessante registreringar og nasjonalt viktige bestandar. Området har vore kartlagt av erfarne biologar, og Statsforvaltaren har vore på synfaring i felt med grunneigar.

Det er ein del gran i nedre del av området, som her langs vegen inn til Osen gard. Grana utgjer eit trugsmål mot naturmangfaldet om det får spreie seg ukontrollert inn i regnskogen. Grana er for det meste lett tilgjengeleg å nå med skogsmaskinar.
Det er ein del gran i nedre del av området, som her langs vegen inn til Osen gard. Grana utgjer eit trugsmål mot naturmangfaldet om det får spreie seg ukontrollert inn i regnskogen. Grana er for det meste lett tilgjengeleg å nå med skogsmaskinar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt for Osøyra.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Ein skal også kunne halde eksisterande turstiar ved like. 

Les meir om brukarinteresser som er greidd ut i høyringsdokumentet i høgrefana. I dokumentet ligg også ei omtale av innspela vi fekk inn i oppstartsfasen. 

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 29. april 2022. Innan fristen den 26. mai fekk vi inn 8 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Osøyra som naturreservat. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela. Til høgre ligg også framlegg til vernereglar (verneforskrift) og framlegg til kartavgrensing. 

Nokre fuglar hekkar på bakken, nokre hekkar i reir dei bygger på nytt kvart år, og nokre fuglar treng ståande død ved for å kunne sikre avkommet sitt ein trygg (-are) oppvekst. Ein mangfaldig skog med ulike tre i ulike livsfasar sikrer eit rikt fugleliv.
Nokre fuglar hekkar på bakken, nokre hekkar i reir dei bygger på nytt kvart år, og nokre fuglar treng ståande død ved for å kunne sikre avkommet sitt ein trygg (-are) oppvekst. Ein mangfaldig skog med ulike tre i ulike livsfasar sikrer eit rikt fugleliv. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet.  
 
Det er også mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 1. september 2022. 

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.