Innleiande dialog om Hornelen som mogeleg nasjonalpark

Hornelen er eitt av potensielt tre nye nasjonalparkar i fylket. Det er viktig med lokal medverknad og akspept før vi set i gang den formelle verneprosessen. Hornelen er den høgaste sjøklippa i Europa.
Hornelen er eitt av potensielt tre nye nasjonalparkar i fylket. Det er viktig med lokal medverknad og akspept før vi set i gang den formelle verneprosessen. Hornelen er den høgaste sjøklippa i Europa. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut eit mogeleg vern av Hornelen. 

Publisert 29.06.2022

I startfasen

Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det førebels lite informasjon å dele. Vi prioriterer i første omgang å ha dialog med  kommunane og grunneigarorganisasjonar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar.

Informasjon

Til no har vi hatt møte med Bremanger kommune 31. mars 2022, og ein første presentasjon i kommunestyret 16. juni 2022. Etter det låg prosjektet på vent mens vi såg an korleis den allereie vedtatte via ferrataen på Hornelen ville bli utforma. Da det var nokolunde avklart, blei eit informasjonsmøte om ein eventuell verneprosess for Hornelen halde for grunneigarar og andre brukarar 13. april 2023.

Det har vore nyttig for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.

Referat og presentasjonar ligg til høgre, der du også kan sjå kor langt prosessen har kome og finne dokument som er relevante for dei ulike fasane i saksgangen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.