Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 16.02.2022

Høyring av Dalsfjorden marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Dalsfjorden marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 1. mai 2022 (ny frist).


Publisert 09.02.2022

Høyring av Stad marine verneområde

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi fram høyringa av Stad marine verneområde. Du er velkommen til å sende innspel innan 12. mai 2022 (ny frist). 


Publisert 17.12.2021

Første naturreservat med frivillig skogvern i Lærdal

Berdalen ligg like nord for Lærdalsøyri. Området vart i dag verna som naturreservat i statsråd, som det første frivillig skogvernområdet i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på dei store, gamle furutrea. 


Publisert 16.12.2021

Vingen landskapsvernområde har fått forvaltningsplan

Vingen landskapsvernområde er oppretta for å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk med helleristingsfelt. No er forvaltningsplanen godkjent slik at området kan bli teke endå betre vare på. 


Publisert 24.11.2021

Til lukke med dagen, Jostedalsbreen nasjonalpark!

Hipp hurra for Jostedalsbreen nasjonalpark som fylte 30 år i haust! Ein sprek jubilant sjølv om den blir stadig litt tynnare «i toppen». Jostedalsbreen er blant dei mest vitja og kjende nasjonalparkane våre. 


Publisert 09.11.2021

Ny rapport syner høgt artsmangfald i Vingen landskapsvernområde

Mange artar av karplantar, mosar og verdfulle naturtypar vart funne i Vingen i Bremanger sommaren 2021. Rapporten frå kartlegginga er no tilgjengeleg. 


Publisert 13.10.2021

Solbakken naturminne - oppheving av fredingsvedtak

Statsforvaltaren i Vestland sender på høyring eit forslag om oppheving av kgl. res. om freding av Solbakken naturminne i Strandebarm.


Publisert 30.09.2021

Høyringsframlegg for marint vern på Stad til fagleg vurdering

Eit nytt høyringsframlegg for Stad marine verneområde er sendt frå oss til Miljødirektoratet for fagleg vurdering. Vi planlegg høyring i løpet av hausten 2021 etter at framlegget er godkjent, der vi ønskjer innspel til verneframlegget.


Publisert 24.09.2021

Vi startar vernearbeid for Vestreim i Sogndal kommune

Vi sender ut forslag om oppretting av Vestreim naturreservat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 4. november 2021.


Publisert 08.09.2021

Opnar for tre nye nasjonalparkar i Vestland

Regjeringa har gitt Miljødirektoratet i oppgåve å starte arbeidet med verneplanprosessar for fire heilt nye nasjonalparkar i Noreg, der tre er i Vestland. Oppdraget inneber også utviding og endring av eksisterande verneområde.