Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 05.08.2021

Vi tilrår frivillig skogvern av Lykkja i Årdal og Skolten i Gulen

Vi tilrår vern av to nye skogområde i fylket; eitt i indre Sogn og eitt i ytre Sogn. Lykkja har rik edellauvskog og Skolten har bekkekløft og regnskog, og med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne. 


Publisert 24.06.2021

Vi tilrår vern av Loftesnes naturreservat i Sogndal

Vi tilrår frivillig skogvern av Loftesnes i Sogndal kommune. Skogen har nasjonale verneverdiar og husar edellauvskog med sjeldne artar. Ein status som naturreservat vil ivareta desse verdiane godt. 


Publisert 24.06.2021

Oppstart av revisjon av vernereglar for Herdla naturreservat

Statsforvaltaren i Vestland startar opp arbeid med revisjon av vernekart og vernereglar for Herdla naturreservat. Det skal òg utarbeidast ny forvaltingsplan for området. Du er velkommen til å komme med innspel innan 30. august 2021.


Publisert 08.06.2021

Ramslauk er freda i naturreservat

Ramslauk har blitt stadig meir populær til matlaging. At folk nyttar naturen som spiskammer er gledeleg, men sanking av ramslauk i naturreservat er faktisk forbode. Her er alle planter freda.


Publisert 04.06.2021

Høyring av frivillig skogvern av fem område i Vestland

Vi sender høyring av fem område for frivillig skogvern, derav fire som utviding av eksisterande naturreservat. Frist for uttale er 3. august 2021. 


Publisert 01.06.2021

Høyring av frivillig skogvern for Skolten naturreservat i Gulen

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Skolten, tidlegare omtalt som Brosvikvatnet, som naturreservat. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 1. august 2021.


Publisert 31.05.2021

Gratulerer med dagen til Hardangervidda nasjonalpark!

Landets største nasjonalpark feirer 40 år i dag. Jubilanten held seg i grei form, men treng godt stell for å klare dei neste 40 åra òg. 


Publisert 12.05.2021

Høyring av forvaltningsplan for Vingen landskapsvernområde

Vingen ligg i Bremanger og er kjent for sitt vakre naturlandskap med helleristningar. Vi legg eit framlegg til forvaltningsplan for landskapsvernområdet ut på høyring, og ønskjer innspel velkomen innan 15. august 2021. 


Publisert 12.05.2021

Eggdonasjon på Herdla

Det er hekketid og sjølv i eit fuglereservat vil fuglane kunne møte vanskelege utfordringar. Dette er historia om ein mann og ein fugl, som fekk lukkeleg utgang. For begge.


Publisert 07.05.2021

Høyring av frivillig skogvern for Lykkja i Årdal

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi framlegg om vern av Lykkja naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juli 2021.