Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 06.01.2023

Folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark

Den 18. januar inviterer vi til ope folkemøte i Årdal om ei mogeleg utviding av Jotunheimen nasjonalpark. Velkomen!


Publisert 16.12.2022

Sju nye skogområde verna i Vestland

Den 16. desember 2022 vart sju skogområde i Vestland verna av Kongen i statsråd. Totalt utgjer nytt verneareal om lag 10 300 dekar, og sikrar eit mangfald av artar og viktige naturtypar i skog som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på.


Publisert 16.12.2022

Høyring av frivillig skogvern for Vestreim i Sogndal kommune

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Vestreim i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 19. februar 2023.


Publisert 08.12.2022

Vi startar arbeidet med marint vern av Sognefjorden

Med dette melder vi oppstart av verneprosessen for marint vern av Sognefjorden, verdas djupaste og Noregs lengste fjord. Du er velkomen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan fristen 15. mars. 


Publisert 02.12.2022

Folkemøte om marint vern i Dalsfjorden

Den 11. januar inviterer Statsforvaltaren og Sunnfjord kommune til ope folkemøte i Bygstad om marint vern i Dalsfjorden. Velkomen!


Publisert 30.11.2022

Innleiande dialog om mogeleg utviding av Jotunheimen

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i arbeidet med å greie ut ei mogeleg utviding av Jotunheimen. 


Publisert 21.10.2022

Kartlegging av naturmangfald i grunne område i Sognefjorden

Utvalde grunne område i indre del av Sognefjorden blir kartlagt for viktig marint naturmangfald i haust. Kartlegginga er ledd i arbeidet med marint vern. 


Publisert 30.09.2022

Vi tilrår vern av Stad som marint verneområde

Stad har store naturverdiar det er viktig å ta vare på for framtidige generasjonar, og det har vore eit unikt lokalt engasjement for å auke omfanget av vernet. Vi tilrår at kystområdet rundt Stad får status som marint verneområde. 


Publisert 07.09.2022

Vern av viktig natur er verdifullt for Vestland

Kva har flamingo og fjellgorilla til felles med fossegrimemose og fjellvalmue? Dei er alle truga artar grunna endring av leveområde. Vern er den tryggaste måten å sikre natur på. Her er siste nytt frå vernefronten!


Publisert 30.06.2022

Høyring av frivillig skogvern for Osøyra i Kinn

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Osøyra naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. september 2022.