Verneområde

Oppdatert 26.11.2024

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 16.12.2025

Oversending av høyringsdokument for marint vern av Sognefjorden til Miljødirektoratet

Statsforvaltaren har med dette sendt sitt forslag til høyring av Sognefjorden marine verneområde til Miljødirektoratet for vurdering og godkjenning. Når Miljødirektoratet har gitt grønt lys vil Statsforvaltaren leggje vernet ut på offentleg høyring.


Publisert 15.12.2025

Høyring av frivillig skogvern på Katlenova i Hyllestad

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Katlenova naturreservat i Hyllestad kommune. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 1. mars 2026.


Publisert 12.12.2025

I statsråd i dag vart Kvitingsmorki naturreservat i Årdal utvida

Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 32 skogvernområde, der eit er i Årdal kommune. Kvitingsmorki naturreservat har fått ny verneforskrift og dekkar eit større areal. Vernet bidreg til å sikre viktig natur for framtida.


Publisert 05.08.2025

Vi startar skogvernprosess i Loen i Stryn og på Katlenova i Hyllestad

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess i Loen i Stryn og på Katlenova i Hyllestad. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 6. september 2025.


Publisert 30.06.2025

20-årsjubileum for Vestnorsk fjordlandskap som verdsarvområde

26. juni markerte Nærøyfjorden verneområdestyre jubileet med eit arrangement på garden Styvi.


Publisert 24.06.2025

Nye skogvernområde i Lærdal og Voss vedteke i dag

Kongen i statsråd vedtok i dag i å verne 32 nye skogvernområde, der to er i Vestland. Bermålsnosi naturreservat ligg i Lærdal kommune og Granvinsfjorden naturreservat finn du i Voss herad. Vernet bidreg til å sikre viktig natur for framtida. Vi gratulerer!  


Publisert 24.06.2025

Vi startar arbeidet med å utvide verneområde på Fedje

Vi starter arbeidet med å utvide Fedjemyrane landskapsvernområde inn i område med både viktig kystlynghei, og terrengdekkande myr. Både kystlynghei og myr er naturtypar som har vore i tilbakegang. Frist for uttale er 30.september 2025. 


Publisert 20.06.2025

Vi tilrår endra vern for Herdla naturreservat

Herdla er eitt av fylkets viktigaste leveområde for fugl. Vi tilrår å endre både vernekart og verneforskrift slik at naturreservatet betre kan ta høgde for dei utfordringane som er til stades i området i dag.


Publisert 30.05.2025

Vi startar prosessen med å utvide Jotunheimen nasjonalpark

Statsforvaltarane i Vestland og i Innlandet melder med dette oppstart av arbeidet med å utvide Jotunheimen nasjonalpark. Dette inkluderer også å endre verneform for delar av Utladalen. Du kan kome med innspel til oppstartsmelding og utgreiingsprogram fram til 1. september 2025. 


Publisert 28.05.2025

Vi tilrår utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal

I samarbeid med grunneigarane tilrår vi ei utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Prosessen inkluderer også ei fornying av verneforskrifta etter modell fra frivillig skogvern-ordninga og ei justering av vernegrensa.