Informasjonsfase og innleiande møte for Sognefjorden som marint verneområde

Informasjon skal være lett tilgjengeleg i verneprosessar, og Statsforvaltaren ønskjer å ha tett dialog undervegs.
Informasjon skal være lett tilgjengeleg i verneprosessar, og Statsforvaltaren ønskjer å ha tett dialog undervegs. Foto: Torgeir Kårbø.

Her kan du finne referat og presentasjonar frå den innleiande informasjonsfasen i verneplanarbeidet for Sognefjorden. Sida vil bli oppdatert når det kjem nye referat. 

Publisert 22.06.2022

I startfasen

Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det førebels ikkje så mykje informasjon å dele. Vi prioriterer å ha dialog med kommunane og i fylkeskommunen, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar etterkvart. Vi vil nytte heimesidene våre for å spreie informasjon.

Innleiande møte på Kaupanger med kommunane og verdsarvparken om marint vern for Sognefjorden. Fleire kommunar deltok på det same møtet digitalt.
Innleiande møte på Kaupanger med kommunane og verdsarvparken om marint vern for Sognefjorden. Fleire kommunar deltok på det same møtet digitalt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Informasjon

Så snart vi fekk oppdraget hadde vi møte den 4. februar med politisk og administrativ leiing i Vestland fylkeskommune. Vi inviterte deretter alle kommunane, verdsarvparken og verneområdestyra for Nærøyfjorden og Stølsheimen til eit innleiande møte i Kaupanger den 30. mars. Vi vart også invitert til årsmøtet for Sognefjorden Vel for å fortelje om marint vern den 31. mars.

Vi stiller oss til disposisjon for å orientere om vernearbeidet i kommunane, og Sogndal kommune inviterte oss til sitt kommunestyremøte den 25. mai. 

Det er nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.

Referat og presentasjonar ligg til høgre. Føl lenkja i høgrefana for å få meir informasjon om marint vern og for å få oversikt over prosessen for Sognefjorden framover.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.