Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 04.06.2020

Høyring av ni område for frivillig skogvern

Vi sender på høyring ni område for frivillig skogvern som naturreservat. Frist for uttale er 5. august 2020.


Publisert 06.05.2020

Høyring av frivillig skogvern i Berdalen i Lærdal kommune

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi ut forslag om vern av Berdalen i Lærdal på høyring. Området har gamal barskog og er vurdert som svært verneverdig. Frist for uttale er 4. juli.


Publisert 30.04.2020

Start av frivillig skogvern for åtte område

Vi sender ut forslag om åtte nye naturresevat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 31. mai 2020.


Publisert 14.02.2020

Høyring av frivillig skogvern av Ospehaug naturreservat i Fjaler

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Ospehaug (tidlegare Bjordal) i Fjaler på høyring. Frist for uttale er 17. april.


Publisert 05.02.2020

Freda tre i Vestland

Fram til 1970-talet vart enkelte store eller spesielle tre i Noreg freda ved lov. Mange av desse står framleis. Under finn du litt om bakgrunnen for fredinga av enkelttre, og ei liste over alle freda tre i Vestland, med ei lenkje til ein omtale av treet i Naturbase.


Publisert 21.01.2020

Oppstart av skogvern av Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune(2)

Etter dialog med Statskog og forsvaret melder vi formell oppstart med skogvernarbeid av areal på Ulvenfjellet. Frist for uttale er 20. februar 2020.


Publisert 21.01.2020

Oppstart av skogvern av Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune

Etter dialog med Statskog og forsvaret melder vi formell oppstart med skogvernarbeid av areal på Ulvenfjellet. Frist for uttale er 20. februar 2020.


Publisert 17.01.2020

Høyring av frivillig skogvern av Geitanosi i Aurland kommune

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Geitanosi i Aurland på høyring. Frist for uttale er 20. mars 2020.


Publisert 20.12.2019

Frivillig skogvern av fem område i Hordaland

I dag vart 46 skogområde verna ved kongeleg resolusjon, og fem av desse ligg i Hordaland. 


Publisert 12.12.2019

Høyring om oppretting av Bogane naturreservat i Flora kommune

Frist for å kome med fråsegn til høyringsframlegget er 5. februar 2020.