Ny rapport syner høgt artsmangfald i Vingen landskapsvernområde

Utsyn over Vingen landskapsvernområde i Bremanger. Den nye rapporten frå Miljøfaglig utredning har kartlagt og funne mange artar som trivst i området.
Utsyn over Vingen landskapsvernområde i Bremanger. Den nye rapporten frå Miljøfaglig utredning har kartlagt og funne mange artar som trivst i området. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad.

Mange artar av karplantar, mosar og verdfulle naturtypar vart funne i Vingen i Bremanger sommaren 2021. Rapporten frå kartlegginga er no tilgjengeleg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.11.2021

I samband med utarbeidinga av ein forvaltningsplan for Vingen landskapsvernområde har Miljøfaglig Utredning, på oppdrag frå Statsforvaltaren, kartlagt artsmangfaldet i Vingen landskapsvernområde.

Kartlegginga viser eit relativt høgt artsmangfald. Det er påvist om lag 180 karplanteartar og 45 moseartar. Mange av moseartane er oseaniske.

Det er registrert 10 naturtypelokalitetar: naturbeitemark, kystlyngheier, kystmyr og nordvendte berg og flomdam. Trelokalitetar av nordvendte kystberg har fått verdien A – svært viktig.

Vingen er, saman med andre område i Bremanger, svært viktig for den truga arten fossegrimemose. Les meir i rapporten som ligg i fana til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.