Første naturreservat med frivillig skogvern i Lærdal

Berdalen naturreservat har trua, sjeldan og sårbar natur i eit lite påverka skogsområde i Lærdal. Her er storvaksen og urskogprega boreal barskog utan spor etter menneskelege inngrep. Området har mykje død ved og spor av sot etter brann i tidlegare tider på gamle furugaddar.
Berdalen naturreservat har trua, sjeldan og sårbar natur i eit lite påverka skogsområde i Lærdal. Her er storvaksen og urskogprega boreal barskog utan spor etter menneskelege inngrep. Området har mykje død ved og spor av sot etter brann i tidlegare tider på gamle furugaddar. Foto: AT SKog/ Ruben Bøtun.

Berdalen ligg like nord for Lærdalsøyri. Området vart i dag verna som naturreservat i statsråd, som det første frivillig skogvernområdet i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på dei store, gamle furutrea. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2021

Verneområdet i Berdalen omfattar delar av eigedommen med gards- og bruksnummer 29/1 og har eit areal på lag 2794 dekar. Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er om lag fem prosent av skogen verna, og i Vestland fylke er talet knappe tre prosent. Berdalen som naturreservat bidreg til å komme vidare i arbeidet med å verne biologisk viktig skog i fylket. 

Skogen har urskogpreg og inneheld einskilde furutre av særs grove dimensjonar. Berdalen er vurdert å vere mykje verneverdig grunna den gamle barskogen, og har nasjonal verdi.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaket som no er godkjent i statsråd er resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern. Les meir om frivillig skogvern her

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Å ta vare på gamal skog er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere tapet av biologisk mangfald i fylket. Hengelav trivst på gamle tre, og om vinteren er det mange insekt og edderkoppdyr som bur i hengelaven. Det gjer også at overvintrande fugl har matfatet sitt her. Utan gamle tre blir det såleis færre fugl.
Å ta vare på gamal skog er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere tapet av biologisk mangfald i fylket. Hengelav trivst på gamle tre, og om vinteren er det mange insekt og edderkoppdyr som bur i hengelaven. Det gjer også at overvintrande fugl har matfatet sitt her. Utan gamle tre blir det såleis færre fugl. Foto: Maria Knagenhjelm.

Verneformål

Føremålet med naturreservatet i Berdalen er å ta vare på eit område i indre Sogn med sitt biologiske og geologiske mangfald, som representerer eit stort og i hovudsak urørt skogområde med eit stort mangfald av skogs- og vegetasjonstypar, der større delar er urskogprega skog. Området inneheld
mykje daud ved og har eit stort potensial for sjeldne og krevjande artar.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, med stadeigne artar og naturtypar og naturleg skogdynamikk, og eventuelt vidareutvikle dei.

Her er pressemeldinga frå Klima- og miljødepartementet. Heile 26 område med om lag 30 kvadratkilometer med skog vart verna i statsråd den 17. desember. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.