Tilrår vern av Berdalen naturreservat

Fylkesmannen tilrår oppretting av Berdalen naturreservat i Lærdal kommune. Berdalen har gamal furuskog av høg vernekvalitet, og grunneigar har tilbydd skogen gjennom ordninga for frivillig skogvern. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2020

Området i og rundt Berdalen er vurdert som svært verneverdig, og tilrådinga er sendt Miljødirektoratet. Området er rikt på særprega og gamal furuskog og det er ikkje nyare inngrep i området frå før. Det er mykje vilt som har tilhald i området.

Framlegget om oppretting av naturreservatet var på høyring sommaren 2020, og ingen av innspela i verneprosessen uttalte seg negative til vern. Fylkesmannen tilrår at naturreservatet vert oppretta i tråd med tilbodet frå grunneigarane. 

Frivillig skogvern er eit viktig tiltak for å ta vare på artsmangfaldet, og Stortinget har mål om 10 % vern av skogen i Norge. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.