Til lukke med dagen, Jostedalsbreen nasjonalpark!

Grøne og frodige dalbotnar tett under det kvite breplatået kjenneteiknar Jostedalsbreen nasjonalpark. Her er det mykje spennande terreng å føte seg i!
Grøne og frodige dalbotnar tett under det kvite breplatået kjenneteiknar Jostedalsbreen nasjonalpark. Her er det mykje spennande terreng å føte seg i! Foto: Maria Knagenhjelm.

Hipp hurra for Jostedalsbreen nasjonalpark som fylte 30 år i haust! Ein sprek jubilant sjølv om den blir stadig litt tynnare «i toppen». Jostedalsbreen er blant dei mest vitja og kjende nasjonalparkane våre. 

Publisert 24.11.2021

Stor, større, størst

Den 25. oktober 1991 vart Jostedalsbreen nasjonalpark oppretta ved kongeleg resolusjon. Dette flotte verneområdet fylte tre tiår no i haust, og vi gratulerer den spreke jubilanten!

Ei utviding av nasjonalparken med innlemming av stølsdalane Bødalen, Erdalen og Sunndalen vart vedteken i 1998, etter avgjersla om varig vern av Stryne- og Loen-vassdraga.

Etter ei grensejustering i 2017 i samband med oppdemming av Trollavatnet i Jølster er arealet til nasjonalparken no på 1314 km2. Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa, og over halvparten av nasjonalparken er dekka av is!

Bødalen og den særmerkte Bødalssætra er blant dei tre stølsområda i Stryn der nasjonalparkstyret i 2021 har prioritert utarbeiding av skjøtselsplan. Slik kan ein ta betre vare på det verneverdige kulturlandskapet.
Bødalen og den særmerkte Bødalssætra er blant dei tre stølsområda i Stryn der nasjonalparkstyret i 2021 har prioritert utarbeiding av skjøtselsplan. Slik kan ein ta betre vare på det verneverdige kulturlandskapet. Foto: Statens naturoppsyn/ Anne Rudsengen.

Frå statleg til lokal forvaltning

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre overtok forvaltingsmyndigheita frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2011. Styret vart oppnemnt av det dåverande Miljøverndepartementet.

Nasjonalparkstyret skal forvalte verneområdet innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta for Jostedalsbreen nasjonalpark. Medlemane i nasjonalparkstyret er lokale og regionale politikarar. Du kan lese meir om forvaltninga på heimesidene til nasjonalparkstyret i høgre fane.

Jostedalsbreen byr på naturopplevingar du aldri vil gløyme. Å sjå den blå isen og få vite korleis landskapet blir forma av is, stein og vatn gjev deg kjensle av å være liten i det store biletet.
Jostedalsbreen byr på naturopplevingar du aldri vil gløyme. Å sjå den blå isen og få vite korleis landskapet blir forma av is, stein og vatn gjev deg kjensle av å være liten i det store biletet. Foto: Statens naturoppsyn/ Liv Byrkjeland.

Geologisk mangfald

I Jostedalsbreen nasjonalpark ser du korleis landet stadig blir forma av isen. Is og vatn set spor på underleg vis. Fleire verneverdige kvartærgeologiske landformer kan ein finne her, som til dømes særmerkte morener og fleire aktive breelvesletter, sandurar, der levevilkåra for artane blir endra frå dag til dag.

Verneområdet er eit mykje nytta naturlaboratorium, og forskarar og studentar kjem frå heile verda for å studere både landet som smeltar fram og artane som etablerer seg der isen smeltar tilbake.

Fåberstølsgrandane øvst i Jostedalen er fastlands-Europas største gjenlevande, aktive sandur. Ein sandur er ei aktiv breelvslette av sand og grus som blir forma av vatnet som smeltar frå isbreen. Stegholtbreen er synleg i bakgrunnen.
Fåberstølsgrandane øvst i Jostedalen er fastlands-Europas største gjenlevande, aktive sandur. Ein sandur er ei aktiv breelvslette av sand og grus som blir forma av vatnet som smeltar frå isbreen. Stegholtbreen er synleg i bakgrunnen. Foto: Veri Media/ Vegard Aasen.

Breen og friluftslivet – eit nytt fenomen?

Tidlegare vart Jostedalsbreen mykje brukt som ferdsle- og drifteveg mellom vestlege dal- og fjordstrok og indre Sogn og Austlandet. Mange hestar, kyr, varer og potensielle ektefellar (!) nytta breen for å komme seg fram dit dei hadde ærend.

På 1800-talet kom dei første utanlandske turistane og fjellsportsentusiastane til Norge for å utforske norske fjell. Lokale bønder hadde også byrja å utforske breen. Ferdsel i noko særleg omfang vart det først nærmare år 1890. Då vaks det fram ei ordning med patentførarar i regi av DNT. Dette var ei ordning basert på lokale bre- og fjellførarar som var busette i dalane kring breen.

Framleis er det den kontrastrike, varierte og mektige naturen som er det store trekkplasteret for dei mange turistane som kjem til Jostedalsbreområdet. Jostedalsbreen nasjonalpark blei mellom anna verna grunna dei lange tradisjonane og moglegheitene for å utøve friluftsliv utan teknisk tilrettelegging.

Naturopplevingar for alle

Vårskituren "Josten på langs" gir opplevingar langs heile høgdegradienten frå den grøne og frodige dalbotnen til det kvite breplatået. Om sommaren kan du gå dagstur på godt tilrettelagde stiar i dalføra, og du kan oppleve beitande dyr i kulturlandskapet. Nasjonalparken er tilrettelagt for alle brukargrupper, og variasjonen i opplevingar kan skape entusiasme hos liten og stor.

Statsforvaltaren ønskjer jubilanten det beste for dei neste 30 åra!

Det er bratt, men fint ned mot Fjærlandsfjorden etter kryssing av breen på langs! Frå det kvite breplatået kjem ein raskt ned i frodige og grøne lier.
Det er bratt, men fint ned mot Fjærlandsfjorden etter kryssing av breen på langs! Frå det kvite breplatået kjem ein raskt ned i frodige og grøne lier. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Å oppleve Jostedalsbreen

(Helsing til Jostedalsbreen nasjonalpark ved 30-årsjubileet, v/ Tom Dybwad)

Å ja - du vil oppleve Jostedalsbreen? Naturen og det særeigne lyset på Norges tak.

Ei stor isslette med snø omkransa av fjell, og opp av isen stikk det nunatak

Oppleve å vere aleine i isøydet – på ski over breen

Under deg trugande bresprekker du ikkje kan sjå, ikkje heng deg opp i den ideen

Viss du då vil ha glede av naturen

På denne storslåtte himmelturen!

 

Eller vil du heller oppleve den frodige skogen nedanfor breen – i dalen?

Store almetre og bregnar, høgare opp bjørkeskog som ligg i horisontalen

forma av snø og snøskred

eit villniss å slite seg gjennom om du skal opp eller ned

Men absolutt ei oppleving du ikkje gløymer fort.

Fuglesongen og tam tam frå hakkespettane får du høyre, og kanskje sjå ein hjort?

Sjå og høyre talrike fossar ned frå breen og frå fjellet

Der oppe rår fjellvåken i sveveflukt gjennom lufta – kva vil han fortelje?

Med sin song av klagande jamring, som om noko er gale

Men det er deg fjellvåken varslar om idet han gjer ein luftsaltomortale.

 

Eller vil du ikkje vere aleine?

Reis til ein av dei mektige brearmane frå Jostedalsbreen vil eg meine

Her kan du møte folk frå heile verda

og ord frå språk du ikkje kan, kan du læra

Marveilleux! marveilleux! du må sjå, du må sjå!

på den mektige breisen som i den fargesprakande i sola er vidunderleg blå

og du skjønar kva dei seier

når ein i møte med unik natur får slike ståheier.

Saman med mange kan du undre deg

When will the waterfall be turned off? slik ein turist spurde meg

Nei vasstraumen vert ikkje skrudd av

Han skal renne for alltid – frå bre til hav.

 

Det er naturvern her - til glede for komande generasjonar.

Slike verdiar kan ikkje målast i millionar

Her er naturarv og eit skattkammer av natur på kvar ein sti

Jostedalsbreen nasjonalpark – du har vår kjærleik til evig tid.

Marveilleux! marveilleux! du må sjå, du må sjå! (...) Her er naturarv og eit skattkammer av natur på kvar ein sti, Jostedalsbreen nasjonalpark – du har vår kjærleik til evig tid. Tekstutdrag frå Tom Dybwad si hyllest til 30-åringen.
Marveilleux! marveilleux! du må sjå, du må sjå! (...) Her er naturarv og eit skattkammer av natur på kvar ein sti, Jostedalsbreen nasjonalpark – du har vår kjærleik til evig tid. Tekstutdrag frå Tom Dybwad si hyllest til 30-åringen. Foto: Veri Media/Vegard Aasen.