Næringsutvikling

Statsforvaltaren skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Statsforvaltaren skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. 

Statsforvaltaren har ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for regionalt næringsprogram og forvaltning av midlar til regional tilrettelegging, kystskogbruket og rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir


Publisert 28.01.2021

Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren er blitt tildelt midlar for eit nytt år med satsing innan fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dei som kan søkje er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruket og landbruksbasera næringar i fjellområda.


Publisert 27.01.2021

Erfaringar med økt satsing på grøntsektoren i Vestfold og Telemark

Den nasjonale satsinga på grøntsektoren i 2019 blei teke godt i mot i Vestfold og Telemark. Vi har sett stor interesse og søknadspågang for tilskot til å vidareutvikle grøntproduksjonane i fylket.


Publisert 02.07.2020

Urbant landbruk i historiske hagar

Urbant landbruk aukar livskvaliteten i tette byer og bidrar til berekraftig utvikling.