Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark

Foto: Anne Aasmundsen
Foto: Anne Aasmundsen
Oppdatert 30.06.2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er blitt tildelt midlar for eit nytt år med satsing innan fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dette er ei satsing som starta opp i 2019. Vestfold og Telemark er ein av dei fire regionane som skal ha ei spesiell satsing innan fjellandbruket i perioden 2019-2022. Dei andre regionane er Innlandet, Oslo og Viken og Trøndelag.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vart tildelt 930 000 kroner for 2022.

Målgruppe: Prosjekt for fjellandbruket i kommunane Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Hjartdal og Tinn.

Kven kan søkje: Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ymse samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruk og landbruksbasera næringar i fjellområda.

Statsforvaltaren legg til grunn ei målsetting om å styrkje grunnlaget for bærekraftig verdiskaping i fjellområda innafor tradisjonelt landbruk, seterbruk og bygdenæringar. Tilskotet skal stimulere til auka utvikling og bruk av landbruket sine ressursar i fjellområda.

Det er ei målsetjing at prosjekta gjev konkret resultat som auka verdiskaping, aktivitet og rekruttering. Det er ynskjeleg med tiltak på tvers av kommunane.

Vedlagt ligg ei oversikt over prosjekt/tiltak som i 2019, 2020 og 2021 som fekk tilskot frå fjellandbruksmidlane. Nokre av prosjekta/tiltaka vil halde fram over fleire år. Statsforvaltaren vi prioritere søknadar som er i tråd med desse føringane. Det kan gjevast tilskot med inntil 75 % av dei totale prosjektkostnadane. Eigen finansiering (eigeninnsats, eigne midlar ol.) må utgjere minst 25 % av finansieringsplanen.

Søknad om fjellandbruksmidlar skal leverast elektronisk, på eige søknadsskjema saman med prosjektutgreiing slik det står i søknadsskjemaet. Søknaden sendast til: sfvtpost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 01.04.2022

Søknadsskjema, sjå lenker

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.