Jordbruk og hagebruk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.08.2018

Tenkjer du å søkje om erstatning for avlingssvikt på grovfôr?

Søknadsfristen er 31. oktober, men det er allereie no mogleg å søkje om forskotsutbetaling. Det kan betalast ut inntil 70 % forskot. Sidan endeleg dokumentasjon på årets avling ikkje er klar enno, må desse søknadene ta utgangspunkt i anslåtte avlingar.


Publisert 01.08.2018

Hestemøkk – krav til lagring

Fylkesmannen får av og til spørsmål frå kommunane om regelverket for lagring og bruk av hestegjødsel. Korleis skal ulovlege deponi følgast opp?


Publisert 12.07.2018

Om avlingsskadeerstatning og arealtilskot i søknadsåret 2018

Den langvarige tørkeperioden og varmen har gitt avlingsskadar i både korn- og grovfôrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet har, ut i frå denne heilt spesielle vekstsesongen, presisert korleis regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot skal praktiserast i 2018. 


Publisert 24.05.2018

Møte om kunnskapsgrunnlaget for revisjon av gjødselvareforskrifta

Onsdag 23. mai heldt Fylkesmannen møte om kunnskapsgrunnlaget for revisjon av gjødselvareforskrifta. Seniorforskar Anne Falk Øgaard snakka om fosfor og samanhengen mellom gjødsling, avling og avrenning, medan seniorforskar Lars Nesheim snakka om husdyrgjødsel.


Publisert 08.05.2018

Våren i Rogaland viser seg frå si beste side

Mai kom og viser seg skjønn og mild. Det er med glede vi ser at graset gror, og at småfe og storfe får kome ut på beite. Bøndene har snart lagt eit tøft fôrår bak seg, og vi er nok mange som håper på ein god vekstsesong i 2018.


Publisert 02.05.2018

Mjølkeprosjekt i Finnøy

Å drive mjølkebruk i øysamfunn i Boknafjorden kan by på både kjente og ukjente utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein nedgang i talet mjølkebruk i Finnøy kommune.


Publisert 04.04.2018

Vil mangle over 100 000 dekar spreieareal for husdyrgjødsel

Innstrammingar i gjødselvareregelverket vil gi store konsekvensar for jordbruket i Rogaland. Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet har levert sine forslag til ny gjødselvareforskrift, og no blir det opp til styresmaktene å ta stilling til endeleg forskrift.


Publisert 09.03.2018

Ny gjødselvareforskrift kjem ikkje på høyring i mars

Ei arbeidsgruppe skal i mars levere forslag til ny gjødselvareforskrift til Landbruks- og matdepartementet og til Klima- og miljødepartementet. No startar det departementale arbeidet, og det kan framleis kan gå tid før vi får ei ny forskrift på høyring.


Publisert 06.03.2018

Fart på dreneringstilskotet

Dobling av dreneringstilskotet og fleire våte vekstsesongar har fått fart på dreneringa i Rogaland. Tilskot til drenering blei innført i 2013 etter mange års krav frå næringa. Ordninga fekk likevel ikkje den oppslutninga som ein skulle ønskje. Årsaka var i første rekke at tilskotssatsane var for låge i høve til kostnadane til at det utløyste vilje og motivasjon til å søkje tilskot.


Publisert 28.02.2018

Tilbyr rådgiving i heile fylket

Norsk landbruksrådgiving Rogaland, kortare sagt NLR Rogaland, gir råd til bøndene om alt frå grovfôrdyrking til skjøtsel av kystlynghei. Dei er ein viktig faginstans i landbruket, og har tilsette på Helleland i sør til Ølen i nord.