Jordbruk og hagebruk

Autorisasjon for bruk av gnagarmiddel
Frå 15. oktober 2018 er det opna opp for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte middel mot gnagarar. Dei må ha eit kurs i 'gnagerbekjempelse' i tillegg til gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel.
Publisert 21.03.2019
Vil du vite meir om jorda i Finnøy?
NIBIO har jordsmonnkartlagt fulldyrka og overflatedyrka jord i Finnøy kommune. Det betyr at vi veit meir om kva eigenskapar jorda har. Til dømes kva areal som treng drenering, og kva areal som er utsett for tørke. Dei nye karta er tilgjengeleg på kartbasen Kilden.
Publisert 12.02.2019
Handtering av landbruksplast i 2019
Endringar i lovverk, dårleg avsetning av brukt plast og fall i råvareprisen for resirkulert plast har ført til opphoping av landbruksplast på plastmottak. Nettverket for innsamling av plast har fått utfordringar som må løysast gjennom ein samordna dugnad. Dette ligg til grunn for at Fylkesmannen og Grønt punkt inviterte viktige plastaktørar i Rogaland til eit samordningsmøte den 5. februar 2019.
Publisert 14.12.2018
Autorisasjonsordning for gnagermiddel
Frå 15. oktober 2018 blei det åpna opp for at personar som eig og/eller leigar ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermiddel.
Publisert 30.10.2018
Frist for avlingsskadererstatning er 31. oktober 2018
Les meir om ordning med avlingsskade på sidene til landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/erstatning/klimabetingende-skader/avlingssvikt
Publisert 22.08.2018
Bøndene er i full gang med 3.slåtten
Litt regn og godt med varme gir gode vekstforhold for graset, og bøndene kan sjå noko lysare på framtida.
Publisert 09.08.2018
Korleis fôra dyra til vinteren?
Det var stort oppmøte når Rogaland bondelag arrangerte møte på Jæren for å diskutere grovfôrsituasjonen. Deltakarane fekk nyttig informasjon og gode råd om korleis dei best skal handtere situasjonen med lite grovfôr.
Publisert 09.08.2018
Tenkjer du å søkje om erstatning for avlingssvikt på grovfôr?
Søknadsfristen er 31. oktober, men det er allereie no mogleg å søkje om forskotsutbetaling. Det kan betalast ut inntil 70 % forskot. Sidan endeleg dokumentasjon på årets avling ikkje er klar enno, må desse søknadene ta utgangspunkt i anslåtte avlingar.
Publisert 01.08.2018
Hestemøkk – krav til lagring
Fylkesmannen får av og til spørsmål frå kommunane om regelverket for lagring og bruk av hestegjødsel. Korleis skal ulovlege deponi følgast opp?
Publisert 12.07.2018
Om avlingsskadeerstatning og arealtilskot i søknadsåret 2018
Den langvarige tørkeperioden og varmen har gitt avlingsskadar i både korn- og grovfôrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet har, ut i frå denne heilt spesielle vekstsesongen, presisert korleis regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot skal praktiserast i 2018.
Kontaktpersonar
-
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Karen Beate Grimstad
Tlf: 51 56 89 40 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Annabell Pfluger
Tlf: 51 56 89 71