Tilskot for å bevare pollinerande insekt

Pionerblanding sådd på Øksnevad.
Pionerblanding sådd på Øksnevad. Foto: Ane Harestad.

Biene, humlene og dei andre pollinerande insekta er viktig for at vi får mat på bordet, og for å oppretthalde samspelet i naturen. Desse små, men viktige insekta er i dag trua, og ein ser på verdsbasis ein nedgang i utbreiing og tal på insekt. Tap av leveområda er ein av årsaka for denne nedgangen. Insekta treng blomar for næring, husvære og reproduksjon. Gjennom regionalt miljøprogram kan bøndene i Rogaland få tilskot for å legge til rette for dei ville pollinatorane. 

Publisert 02.08.2023

Kva er pollinerande insekt og kvifor treng vi dei?

Dei pollinerande insekta er ein viktig brikke for samspelet i naturen, og bidreg i matproduksjon. Utan desse pollinerande insekta står matproduksjonen på spel.

Pollinerande insekt flyr frå blome til blome medan dei leitar etter næring, og for kvar blome dei besøker blir nokon pollenkorn hengande fast på kroppen deira. Når dei besøker ein ny blome kan pollenkornet pollinere denne blomen, og eit frø utviklast. Pollinering sørger for auka genetisk variasjon, og gjer arten sterkare mot sjukdom og eit klima i endring. Dette vil være nyttig for å beskytte og styrke matproduksjonen i framtida.

Villbier omfattar mange av dei pollinerande insekta vi legg merke til. Det er påvist 211 bie-arter i Noreg. Av desse er 35 arter humler mens resten er forskjellege bier. Biene og humlene er ikkje dei einaste pollinerande insekta vi har. Blomsterfluger, blomsterveps, biller og sommarfuglar er til dømes andre insekt som bidreg i pollineringa av blomane våre.

Trua framtid

Verdas insekt er nå sterkt trua. Over dei siste åra har ein sett ein kraftig reduksjon i tal på insekt. I Noreg er mange av dei pollinerande insekt trua, og mange av dei er på Rødlista. Av alle villbiene og humlene i Noreg er heile 17% av desse trua og 31% av dei er på Rødlista.

Tap og øydelegging av levestad er hovudforklaringa på kvifor insekta forsvinn. Framande arter, bruk av plantevernmidlar og klimaendring kan vere med på å forklare nedgangen av insekt både på verdsbasis og i Noreg.

Insekta er avhengig av blomar for å leve. Nå i det siste har det blitt mindre og mindre areal av blomeengene som insekta tek nytte av, og avstanden mellom blomane aukar. Landskapet består i dag av store areal av monokultur som gjer at det er langt mellom kvar blome for insekta. Desse små insekta kan ikkje fly så langt på ein gong utan å mellomlande på en blome. Når det blir store avstandar mellom det få blomane som finst truar det insekta si eksistens.

Vegetasjonssonar med stadeigne arter er eit godt tiltak for å legge til rette for desse små, men viktige insekta. Sonar med blomande artar i jordbrukslandskapet vil vere til god hjelp. Desse vegetasjonsonane vil tilby næring, husvære, og ein rasteplass på vegen for insekta.

Regionalt miljøprogram – Tilskot til soner for pollinerande insekt

I Regionalt miljøprogram (RMP) er det mogleg å søke tilskot for skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinator. Det kan anten vere eit areal som allereie er rikt på tofrøblada artar, eller område som blir sådd med ei eigna frøblanding. Sonen skal ha fleire ulike blome-arter som blomster på ulik tidspunkt gjennom vekstsesongen. Breidda på sonen må vere minimum 2 meter, og det gis tilskot for kvar meter pollinator-sone som etablerast.

Tilskot er 50 kr per meter sone, med eit tilskotstak på 10 000 kr per føretak.  

Skjøtselsråd for soner for pollinerande insekt:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i august. Er sonene tresatt må det nyttast ljå, ryddesag og liknande. På våren veks graset raskare enn blomsterplantane. Etablerte soner kan difor ha godt av at graset blir slått og fjerna tidleg på våren slik at blomsterplantane får betre plass.
  • La plantematerialet ligge i 2 – 4 dagar etter slått, men fjern det frå arealet etterpå.
  • La gjerne området bli beita om hausten.
  • Det er viktig å ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl
  • Framande artar med skadepotensiale må fjernast.
  • Dersom det blir brukt frøblandingar må dei innehalde ein variasjon av blomsterartar, helst norske artar. Blir det brukt blandingar med framande artar må dei, etter Artsdatabanken sin oversikt, ikkje innebere større enn « lav risiko».

Søknadsfrist

Bøndene kan søkje regionalt miljøtilskot frå 15.septeber, og søknadsfristen er 15. oktober. Søknaden kan leverast anten elektronisk via Altinn eller på papir til kommunen. Oppmodar alle til å søke elektronisk, vegleiing på å levere søknaden elektronisk er å finne på Landbruksdirektoratet sin heimeside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.