1. april er ny frist for å etablere vipestripe

Hadde du planar om å etablere vipestripe i år, men kom deg ikkje utpå fordi det var for bløytt? Vi utset fristen for vipestripe til 1. april, men sjekk at vipa ikkje allereie har laga reir før du gjer jordarbeid. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2023

Vipa hekker tidleg, i april – mai, og legg egg rett på bakken. Ho likar opne areal, gjerne jordarbeidde område der ho både finn mat og lett kan oppdage rovdyr og fuglar som vil ta egga. Sidan 2019 har det blitt gitt regionalt miljøtilskot til "vipestripe" for å sette av mindre areal til vipa. 

Førebels tilskotssats er 900 kr per dekar

Tilskotet blir gitt for å jordarbeide ei sone som ligg ved/inntil eit opent område som t.d. innmarksbeite, myr, open fastmark o.l. Jordarbeidinga må normalt vere gjort før 20. mars. I år utset vi fristen til 1. april. Sona må få ligge urørt fram til 1. juni. Det må minimum settast av 2 dekar, og det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar. Sona må vere i eit område som i utgangspunktet er attraktivt for vipe.

For å vere med på ordninga må ein ha meldt ifrå til kommunen innan 1. mars Det er mogleg å dispensasjon frå meldefristen. Hensikten med meldefrist er at forvaltninga kan følge opp og vurdere om ordninga fungerer etter intensjonen. Det er uforpliktande å melde ifrå. Du søkjer på tilskotet hausten etter at du har hatt vipestripa, og fører då på kor mange dekar du har hatt + teikner inn arealet i kartløysninga. Når du søkjer er namnet på ordninga " tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl, høg tilrettelegging". 

Ein del av regionalt miljøtilskot

Tilskot til vipestripene er eit av dei regionale miljøtilskota som inngår i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Du søkjer på vipeordninga samtidig som du søkjer tilskot til bratt areal, turstiar, miljøvenleg gjødselspreiing m.fl. Søknadsfristen er 15. oktober, og det er dei som driv vanlig jordbruksproduksjon som kan søkje. Dei som har berre har hobbybruk og hagar får ikkje regionalt miljøtilskot.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.