Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 08.10.2020

Planting av strandtorn på Lista

Fylkesmannen har nå sørget for at 150 strandtorn er plantet ut i Einarsneshalsen. Dette gjøres for å styrke bestanden av den truede blomsterarten som har sin hovedutbredelse i Norge på Lista. 


Publisert 08.10.2020

Landøyda bekjempet i naturvernområder langs Listastrendene

Skoleelever, bønder og naturforvaltere fra Farsund kommune og Fylkesmannen fjernet den skadelige planten landøyda i to verneområder langds Listastrendene. 


Publisert 10.08.2020

Søknad om mudring og utfylling i Tveitvann – Kristiansand kommune

Fylkesmannen i Agder søker om løyve til mudring og utfylling i Tveitvann i Kristiansand kommune. Føremålet med tiltaket er å legge til rette for skjøtsel i Tveitvann naturreservat. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er settefylkesmann for saka. Høyringsfrist 26. august 2020.


Publisert 31.07.2020

Godkjenning av forvaltningsplan for Badstudalen naturreservat

Fylkesmannen har utarbeidet og egengodkjent forvaltningsplan for Badstudalen naturreservat i Lillesand kommune. 


Publisert 10.07.2020

Tilrådning om vern av to skogområder i Agder

Fylkesmannen la 6. juli fram forslag om å verne Eiersland naturreservat i Lyngdal kommune og en utvidelse av Grøneliane naturreservat i Evje og Hornnes og Birkenes kommuner.


Publisert 03.07.2020

Tilrådning om vern av fem skogområder i Agder

Fylkesmannen la 29. juni og 2. juli fram forslag om å verne Urfjellheia og Dalsheia naturreservat, Urvassliene naturreservat, Landdalen naturreservat samt utvidelser av Kviteflogi og Åmtona naturreservater. De foreslåtte områdene er i Gjerstad, Risør, Bygland, Åmli og Hægebostad kommuner.


Publisert 28.06.2020

To nye skogreservater i Agder

Kongen i statsråd vedtok 23. juni 2020 vern av et nytt naturreservat og utvidelse av et eksisterende naturreservat i Agder. Begge verneområdene har kommet til gjennom ordningen med frivillig vern av skog.


Publisert 28.04.2020

Tilrådning om vern av Skjeggedalsheii naturreservat

Fylkesmannen la 28. april fram forslag om å verne Skjeggedalsheii naturreservat i Åmli og Froland kommuner i Agder fylke.


Publisert 14.04.2020

Fylkesmannen foreslår vern av fire skogområder i Risør, Gjerstad, Bygland og Åmli kommuner

Verneforslaget omfatter rik edelløvskog, gammel urørt granskog og gammel lavlandsblandingsskog med nasjonal, regional og lokal verneverdi. Områdene vil gi ca. 3660 dekar nytt verneareal i Agder


Publisert 06.12.2019

Syv nye skogreservater i Agder

I Aust-Agder er fem nye skogområder vernet og to eksisterende naturreservat utvidet gjennom ordningen med frivillig vern av skog. I alt vernes i underkant av 7000 dekar skog  i Bygland, Åmli, Evje og Hornnes, Birkenes, Froland, Gjerstad og Sirdal.