Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 30.04.2014

Frivillig vern av to område i Birkenes og Åmli kommunar

Oppstart av arbeid med vern av Rislåknuten i Birkenes og Rubbelifjell i Åmli


Publisert 10.04.2014

Østerskumkanalen i Ruakerkilen er opna opp att

Ei enkel trebru er no på plass for gåande i det flotte verneområdet.


Publisert 27.02.2014

Endring av vernegrenser for Hisdal naturreservat i Bykle

Høyring av forslag til endringar ligg ute til 15. april 2014.


Publisert 20.02.2014

To skogområde i Åmli er verna som naturreservat

Variert og gamal edellauvskog og storvokst granskog er nå sikra for framtida. 


Publisert 29.01.2014

Oppstart av forskningsarbeid i Raet nasjonalpark

Et treårig prosjekt skal finansiere en doktorgradstilling med tre mill kr.


Publisert 28.01.2014

Verneplan for Grøneliane og Vågsdalsliane naturreservater, Birkenes på offentlig høring

Frist for å komme med innspill til forslagene er satt til 25. mars 2014.


Publisert 06.01.2014

Ytre Lauvrak naturreservat i Froland er verna

Gammel edelløvskog med stort innslag av eik er nå sikra for framtida.


Publisert 24.10.2013

Oppstart med vern av to skogområder i Birkenes

Skogområdene Vågsdalsliane og Grøneliane er tilbudt for vern gjennom ordningen frivillig vern.


Publisert 25.09.2013

Forvaltningsplan Skiftenes naturreservat i Grimstad

Vi vil gjerne ha innspill til planen – fristen er satt til 6. november.


Publisert 19.09.2013

Forvaltingsplan Hisdal naturreservat i Bykle

Kom gjerne med innspel til planen - fristen er 11. november.