Skogbruk


Publisert 15.08.2018

Avslutningsarrangement for pilotprosjektet "Planting av skog på nye arealer som klimatiltak" i Rogaland

Pilotprosjektet "Planting for klima" starta i 2015 som ein oppfølging av Klimaforliket. Prosjektet har gått ut på å plante skog på opne attgroingsareal og for å auke skogsarealet og opptaket av CO2. Nå er den treårige pilotfasen over, og det skal sjølvsagt markerast med brask og bram.


Publisert 24.07.2018

Kompetansesatsing for skogbruket langs kysten

Skogkurs er eit kompetansesenter i særklassen innan skog og skogbruk i Noreg. Dei har no retta fokuset mot kystskogbruket og har utarbeida ein skreddarsydd kompetansepakke for kystskogeigarar og deira rettleiingsapparat i kommunane for å auke kunnskapen om skog og skogbruk. No er det opp til kommune og grunneigarar å ta det i bruk.


Publisert 21.06.2018

Skogserien: Økonomiske støtteordningar i skogbruket

Det er mykje å hente ved å kjenne dei økonomiske støtteordningane i skogbruket.


Publisert 13.06.2018

Skogserien: Skogsveg gir god økonomi

Skogsveg kan lønna seg for deg som er skogeigar. I den fjerde artikkelen i Skogserien får du gode råd frå vegplanleggaren i Rogaland.


Publisert 28.05.2018

Eit av dei største næringsbygga i tre reiser seg – i Rogaland!

På Bjergsted i Stavanger veks det fram eit mektig bygg. Her skal hovudkontoret for Sparebank 1 SR-bank ligge, og det skal byggast i tre. Næringsaktørar frå skognæringa og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen fekk besøke byggeplassen der spiker er eit fy-ord og synet av limtre gir salige blikk.


Publisert 24.04.2018

Grindabygg i ny drakt

I Fjellgardane i Vikedal i Vindafjord held Tore Hundseid Birkeland til. Den tidlegare sauebonden ønskjer oss velkomen til gards med hender dekt av kvae. Her ser me driftsbygningar som strekkjer seg høgt til himmels, men det er kva som er inni dei, som pirrar nysgjerrigheita vår. Her blir nemleg eit grindabygg til.


Publisert 15.03.2018

Tilskot til plantekjøp og plantearbeid i skogbruket i Rogaland

Plantesesongen er snart i gong, og då er det lurt å være klar over kva slags tilskot du som grunneigar kan få ved planting av skog. Oversikta under viser nokre av tilskota som finnast i skogbruket.

Ønskjer du å vite meir om kva slags tilskot som finnast, kan du ta kontakt med kommunen din. Hugs at du óg kan nytte deg av skogfond når du gjør tiltak i skogen.


Publisert 09.03.2018

Skogsamling - ein møteplass for skognæringa og forvaltninga i Rogaland

«Utfordringane i skogbruket må bli meir allmenngjort». Dette opna Landbruksdirektør Geir Skadberg skogsamlinga med, og meinte at fleire må få auga opp for problema knytt til manglande forynging etter hogst, avverking før skogen er hogtsmogen og ikkje minst behovet for ressursar på kommunenivå i skogsektoren. Med dette i bakhovudet, gjekk skognæringa og forvaltninga laus på programmet for dagen.


Publisert 05.03.2018

Store areal går ut av skogproduksjon i Rogaland

Planteaktiviteten held ikkje tritt med hogstaktiviteten i Rogaland, og stadig meir areal går over frå skogproduksjon til andre arealformål. Ei samanstilling for perioden 2011-2017 viser at utviklinga er meir omfattande enn vi tidlegare har trudd.


Publisert 30.01.2018

Seminar om trefjøs

Vurderer du ombygging eller nytt landbruksbygg? Eller ønsker du å lære meir om korleis tre kan brukast på nye og kostnadseffektive måtar? Bli med på seminar om trefjøs 1. mars!


Kontaktpersonar

Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.