Skogbruk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.01.2015

Skogen i Rogaland lite skada av stormen Nina

Mange enkelttre er velta over store delar av fylket, men økonomisk er det lite omfang på skadane. Dette er den førebels konklusjonen etter tilbakemeldingar frå kommunane og nøkkelpersonar rundt i fylket.


Publisert 20.10.2014

Kvalitetsfrø av sitkagran frå Rogaland

Frøplantasjen med sitkagran i Honganvik i Sauda er no nyleg hogd for å sikre skogeigarane langs kysten klimatilpassa frø av høg kvalitet. Det er Vestskog SA som står ansvarleg for gjennomføring av hogsten og organisering av konglesankinga som er utført av idrettslaget i Sauda.  


Publisert 07.01.2014

Ungdommar inn i framtida

Det vil bli stor mangel på yngre kvinner og menn med skogfagleg utdanning dei neste tjue åra. Særleg langs kysten. Skognæringa og skogforvaltninga har difor sett i gong ulike tiltak for å betra situasjonen.


Publisert 26.11.2013

Bygg landbruksbygg i tre

Sauebøndene Eli og Helge Nygård i Forsand har bygd nytt sauefjøs i tre for 60-70 sauer. Torsdag 28/11 2013 vert det mogleg å studere fjøset nærare.


Publisert 03.04.2013

Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy

Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.


Publisert 02.10.2012

Rettleiar til forskrift om utanlandske treslag

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 1. juli 2012. Miljøverndepartementet har no utarbeidd ein rettleiar til forskrifta. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for grunneigarar og forvaltning.


Publisert 16.08.2012

Utsetjing av utanlandske treslag

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai 2012. Føremålet med forskrifta er å hindra at utsetjing av utanlandske treslag får uheldige følgjer for naturmangfaldet.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.