Skogsamling 27. februar 2018

Velkommen til den årlege samlinga for skognæringa og forvaltinga i Rogaland. Tema i år er korleis kommunane kan få hjelp til å drive informasjonsarbeid på skogområdet. I tillegg får vi høre om voksing av planter som eit tiltak mot snutebilleskadar, og om gode vegløysingar før hogst.

Publisert 25.01.2018

Dato: 27. februar 2018

Stad: Skogens Hus (Pedersgata 32C, Stavanger)

Påmeldingsfrist: 23. februar

 

Program:

Snutebiller i Rogaland?

v/ Kjersti Holt Hanssen (NIBIO) og Kjetil André Rødland (Vestskog)

  • Snutebilleundersøkinga 2017
  • Forsøk med voksbehandla planter

Infrastruktur: Korleis bidra til gode skogsvegløysingar i Rogaland

  • Infrastruktursatsing og arbeid med flaskehalsar v/ Helge Kårstad, Skognæringa Kyst
  • Status, prioriteringar og oppfølging Hovudplan skogsveg v/Kristofer Tveiterå, vegplanleggjar
  • Korleis sikre gode vegløysingar før hogst—vurderingar, rutinar, hjelp av forvaltinga m.m? v/ Lloyd Gundersen, Nortømmer?

Informasjonsarbeid i kommunane

v/ Gerd Inger Aarnes (Skogselskapet)

  • Nettsider, spør Skogbrukssjefen, arrangement i 2018

Nytt frå Fylkesmannen

v/ Morten Svanes, Stein Bomo og Elisabeth Schmidt

  • Nye kostnadsgrenser
  • Nye retningsliner for tilskot til taubane
  • Resultatkontroll—skjerpa krav og året 2017

Open post/eventuelt

Meld inn aktuelle tema!

 

Påmelding

Påmelding på e-post eller telefon 51 56 87 84 innan 23. februar.

Pris: 450 kr. Faktura vil bli sendt ut i etterkant.
Samlinga blir gjennomført i samarbeid med Skogselskapet i Rogaland. Med atterhald om endringar i programmet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.