Grindabygg i ny drakt

I Fjellgardane i Vikedal i Vindafjord held Tore Hundseid Birkeland til. Den tidlegare sauebonden ønskjer oss velkomen til gards med hender dekt av kvae. Her ser me driftsbygningar som strekkjer seg høgt til himmels, men det er kva som er inni dei, som pirrar nysgjerrigheita vår. Her blir nemleg eit grindabygg til.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2018

Grindabygg er ein byggeteknikk som mange kjenner til på Vestlandet. For å spare materialar, og sørgje for god lufting i fuktige kyststrøk, blei stavkonstruksjonen utvikla og brukt heilt frå bronsealderen. Med notida sitt auka fokus på rimelegare bygg, skal byggeteknikken opp og fram i lyset igjen – i større og ulike format.

Del av satsinga på billigare driftsbygningar

Neste prosjekt på Fjellgardane er ei løe på 300 m2, som no monterast heime hos Tore. 12 meter lange furustokkar frå skogen innafor garden blir heisa på plass inne i produksjonshallen, og sett nøyaktig på plass i stavkonstruksjonen. Den ferdige konstruksjonen skal demonterast og fraktast til kunden i Suldal.

Nærbilde av stavkonstruksjonen.

Grindabygget er ein del av det nyutvikla byggekonseptet «Narvebygget», der kunden kan velje anten bindingsverk eller stavkonstruksjon. Tanken bak Narvebygget er å byggje driftsbygningar billigare, og meir miljøvenleg ved å bruke tre i staden for stål og betong. Idéen blei utvikla av Svein Narve Veshovda, som fikk med seg Lars Bog og Astrid Brommeland på laget. Saman har dei eit ønskje om å hjelpe fleire bønder til å få billigare driftsbygningar som møter kommande lausdriftskrav.

Kva med ein flyttbar hytte? Byggeteknikken kan brukast til så mangt.

Tore bidreg no til å få byggeteknikken tilbake, både i løer, hus og flyttbare hytter. Mangesysleriet inne i Vikedal er ein god påminning om at det meste kan løysast, og at mogelegheiter finnast rundt kvart hjørne.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.