Hugs å registrera deg innan 15. mai for å få straumstøtte!

For å motta støtte til ekstraordinære utgifter til straum må du registrera målepunkta knytt til produksjonen din innan 15. mai!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.05.2022

Støtte til ekstraordinære utgifter til straum er aktuelt for føretak som er registrert i Enhetsregisteret og oppfyller vilkåra for å få produksjons- og avløysartilskot. Ordninga gjeld òg for produksjon i veksthus, blant anna grønsaker, frukt, bær, krydderuter, blomer, prydplanter og planteskulevekstar. 

Frista for å registrera målepunkta 15. mai gjeld for støtte frå desember 2021 til og med mars 2022. Det er bestemt at ordninga for straumstøtte skal forlengast ut mars 2023, men det er ikkje avklart kva slag reglar og registrering som skal gjelda for denne perioden. 

Les meir om ordninga på Landbruksdirektoratet sine nettsider
Du må logga inn i Altinn for å registrera målepunkta. Direkte lenke til skjemaet finn du her. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.