Næringsutvikling

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 28.02.2018

Marknaden etterspør frukt og bær i tunnel

Frukt- og bærprodusentar og andre i Rogaland bør vurdere å dyrke frukt og bær i tunnel. Marknaden etterspør både morellar, jordbær, bringebær og andre bærsortar. Ønskjer du å få vite meir kan du bli med på eit inspirasjonsmøte på Fruktpakkeriet i Årdal 7. mars kl 1900.


Publisert 23.02.2018

Skjerekurs med Stian Espedal

Korleis partere eit lam i gode delar og få mest mogleg ut av lammet med minst mogleg svinn? For å inspirere bønder til å starte med foredling blir det skjerekurs i Hjelmeland 10. mars. Stian Espedal frå Nortura vil rettleie deltakarane i dele opp lam på ein best mogleg måte


Publisert 22.02.2018

Kulturarven som ressurs

Kulturminne er attraksjonar og verdifulle ressursar i lokalsamfunnet. Direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen kjem til Hjelmeland 27. februar for å informere om «Kulturarven som ressurs, kvifor og korleis». I tillegg vert det korte innlegg om einskilde prosjekt i lokalsamfunnet


Publisert 20.02.2018

Bønder i Bjerkreim satsar på ammekyr

Tanken om å kombinere mjølk og ammeku vekte stor interesse på eit inspirasjonsmøte i fjor. Nå legg Bjerkreim bondelag breisida til og auser på med teori og gardsbesøk. Ny samling blir arrangert 15. mars.


Publisert 13.02.2018

Søk på midlar til utviklingsprosjekt

Mat og reiseliv er satsingsfelt ved tildeling av midlar til utviklingsprosjekt. Søknadsfristen er 12. mars.


Publisert 24.01.2018

MatSmiå 2018 - bli med på kurs med Renaa

Stjernekokken Sven Erik Renaa vil ha meir lokalmat på menyen! På Matsmiå vil han og fleire andre kokkar inspirere og lære frå seg alt dei kan om foredling og bruk av norske råvarer. Matsmiå går av stabelen på Bryne 6. – 7. mars, og nå er programmet klart.


Publisert 17.01.2018

To eplemostar frå Rogaland til topps i kvar sin konkurranse!

Grønvik gard sin musserande eplemost av Karin Schneider kom på første plass på Det Norske Måltidet i kategorien «Årets det grønne – foredlet». Eplefryd sin eplemost ble kåret til årets beste eplemost av Norsk Eplefest.


Publisert 11.01.2018

Lokalmat frå Rogaland på veg til Tyskland

Varene er levert - nå gler produsentane og reiselivsbedriftane seg til å gjere ein innsats på Grüne Woche.


Publisert 06.12.2017

Konklusjon etter fagmøte: vi treng fleire poteter!

NLR Rogaland inviterte til fagsamling om potet på Bryne 6. desember. Oppslutninga var bra, med over 30 engasjerte deltakarar.  Under samlinga fremheva Jæren potetpakkeri og Hoff at vi treng fleire i regionen som satsar på potet.


Publisert 04.12.2017

Det er framleis mogleg å søke om utgreiings- og tilretteleggingsmidlar til prosjekt i 2018

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot.