No lanserast nye digitale løysningar for kvoteordninga for mjølk

I mars 2021 lanserer Landbruksdirektoratet ei ny digital løysing for eigare av landbrukseigedomar med ei grunnkvote, for mjølkeprodusentar og for forvaltninga. Den nye løysinga erstattar alle tidlegare papirskjema for ordninga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.03.2021

Føremålet er å få eit effektivt system og sikre at mjølkeproduksjonen skjer i høve til gjeldande reglar.

Eit viktig prinsipp er å avklara ansvarsforholda mellom eigaren av grunnkvoten og mjølkeprodusenten. Det lanserast nye reglar for korleis eigaren skal informere føretaket som produserer på grunnkvota. Mjølkeprodusentane vil framleis få vedtaket (kvotebrevet) som gir rett til produksjon for komande år. Alle brev til eigaren av grunnkvoten blir sendt til eigaren sin innboks i Altinn. Breva sendast med vanleg post viss eigar har reservert seg mot digital kommunikasjon.

Disponering av grunnkvote er eit nytt omgrep som omfattar mjølkeproduksjon på eigen kvote, felles mjølkeproduksjon og kvoteleige. Det betyr at ein ikkje lenger skil mellom dei tre måtane å bruke kvotene.

Kva inneber ny løsning for mjølkeprodusentar og eigare av grunnkvote?

Den nye løysinga inneberer at du kan handtera endringar og sjå informasjonen om din mjølkekvote på internett. Det blir ein smidig overgang frå gamalt til nytt system. Korleis dei ulike brukargruppene vil merke overgang kan du lese meir om ved å følgje denne lenkja. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.