Lovande prognosar for eit godt grovfôrår

Grovfôropptaket hjå kua er avhengig av både næringskvalitet og tørrstoffprosent i graset.

Det er førebels for tidleg å stadfesta korleis grovfôrsesongen for 2021 blei. Dei fleste er godt nøgde med 1. slåtten, og no har dei ivrigaste starta haustinga av 2. slått. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.06.2021

God avling og høgt tørrstoffinnhald

Sesongen 2021 starta noko tregt, men ein kald mai månad sørga for god busking av graset. Då temperaturen steig, skaut graset fart og avlingsmengda hjå dei fleste blei god. Ifølgje NRL rådgjevar Bjørg Karin Dysjaland har få produsentar fått vinterskade på enga i år.

Tine Rådgjevar Ingrid Helene Møgedal meldar om at godt vêr under innhaustinga har gitt høgt tørrstoffinnhald i graset. Når graset skal pressast i rundballar er dette ein stor fordel. Høgt tørrstoff i graset gir mindre gjæring, meir sukker og fôret blir godt smakeleg noko som gir grunnlag for eit godt grovfôropptak. Ein skal likevel vera obs på at høg tørrstoffprosent i graset kan gje utfordringar med ensileringsprosessen i plansilo og tårnsilo. Gras med høgt innhald av tørrstoff, det vil seie over 40 prosent, eignar seg best til rundballar for å unngå varmgang og fare for muggvekst i fôret.

Ukjent næringsinnhald

Det er førebels for tidleg å seie korleis næringskvaliteten i graset er. Rådgjevarane anbefaler at ein tek ut grasprøve om lag 5 veker etter graset blei lagt i silo. Analysetala av næringsverdiane i graset er difor ikkje klare. TINE har eit prøveprosjekt kor ein målar kvaliteten av grasprøvar frå eng. Dei blei analysert ved Nær InfraRød Spektroskopi (NIR-analyse). Grasprøvane som er analysert til no viser eit høgare innhald av råprotein i graset for 2021 samanlikna med 2020.

Korleis bruke grovfôret med høgt tørrstoff i mjølkeproduksjon?

Fleire vel å fortørke noko av grasavlinga til høy av ulike grunnar. Dersom ein vel å utsetje haustinga for å oppnå god struktur og mykje fiber, vil dette i kombinasjon med god fortørking gje eit ypperleg fôr til sinkyr og til inseminerte kviger. Høy av god hygienisk kvalitet og næringskvalitet er svært smakeleg egnar seg godt som einaste grovfôr til kalvar. I driftsopplegg med moglegheit til å kombinera ulike grovfôrkvalitetar er høy gunstig å kombinera med silofôr. Høy er difor eit godt tilleggsfôr i mjølkeproduksjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner