Korleis skal det gå når det ikkje er veterinær å få?

Det må vera rom for å kombinera kvardagslivet og arbeidslivet for veterinærane. Bildet er delt med samtykke frå veterinær Kay Arne Aarset

Fleire kommunar opplevar utfordringar med å skaffe nok veterinærar, spesielt til distrikta. Rapporten "Tilgang på veterinærtjenster i Norge" publisert av Landbruksdirektoratet, viser til utfordringar og moglege tiltak for å betre veterinærdekninga. 

Publisert 17.08.2023

For å ta vare på god dyrevelferd er det viktig at kommunane kan tilby tilfredsstillande veterinærdekning. Men å vera veterinær kan vera krevjande. Mange stadar er dekningsgrada låg, næringsgrunnlaget er svakt og arbeidsbelastninga stor. Ei gruppe nedsett av Landbruks- og matdepartementet har sett på status og utfordringar for tilgang på veterinærtenester med vekt på produksjonsdyr. Nyleg blei det publisert ein rapport som peikar på fleire forhald som fører til den krevjande situasjonen vi har fleire stadar her til lands, også i Rogaland. Lenkje til rapporten finn du til høgre på denne nettsida. 

Vegen til stimuleringstilskotet

Distriktsveterinærordninga blei oppretta kring 1922 og bidrog til tilgong på veterinærtenester fram til 2000. Då blei landet inndelt i 208 veterinærdistrikt, og distriktsveterinæren var tilsett av staten. Ordninga blei avvikla grunna omsyn til kompetansekrav og habilitet. Innføring av EØS-avtala i 1994 førte til at mange offentlege oppgåver som distriktsveterinærane hadde hatt, blei reine forvaltningsstillingar. Ved behandling av St.prp. 54 (1999-2000) slutta næringskomiteen seg til regjeringas forslag om ny vaktordning. Dette førte til etablering av eit skilje mellom klinisk vakt, spesialistvakt for sport- og kjæledyr og offentleg vakt. Tal vaktdistrikt blei i 2002 redusert frå 208 til 161.

I 2004 konkluderte Sagelvsutvalet med at avvikling av distriktsveterinærordninga ikkje skulle bli avgrensande for veterinærtilgangen, og anbefalte å etablera eit kommunalt ansvar for veterinærdekninga. Dette førte til ein lovendring i 2007 der det blei vedteke at ansvaret for etablering av fungerande veterinærvakt og tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester på dagtid, skulle vera kommunen sitt ansvar. I samband med endringa blei det løyva midlar til stimuleringstilskotet over statsbudsjettet. Formålet med stimuleringstilskotet er å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.

Kommunar kan søkje om stimuleringstilskot til veterinærdekning

Fordeling av stimuleringstilskotet er berekna etter ein modell basert på tal dyr, der lågast tal dyr representerer lågast næringsgrunnlag. Det er Statsforvaltaren i Rogaland som forvaltar ordninga og tildeler stimuleringstilskot til kommunane som søkjer. Ordninga var ny for Rogaland i 2019, då fekk Rogaland tildelt 793 000 kroner i ordinær tildeling, i tillegg blei det tildelt ytterlegare 81 000 kroner. I 2020 blei Rogaland tildelt 548 000 kroner, 566 000 kroner i 2021 og 568 000 kroner i 2022.

For 2023 løyva Stortinget totalt 34 282 000 kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning. Dei fylka som får mest i stimuleringstilskot er Vestland, Nordland og Troms og Finnmark. Rogaland er fylket som får minst, berre 1,7 prosent av den totale potten, tilsvarande 583 000 kroner. For 2023 søkte kommunane om totalt 1 600 000 kroner i stimuleringstilskot, det betyr at vi hadde ein underdekning på 1 017 625 kroner frå tildelt ramme. Underskotet er stort, men ikkje avvikande samanlikna med andre fylker.

Utfordringar med veterinærdekninga

Rogaland er eit varierande fylke med tanke på næringsgrunnlag, utfordringar med rekruttering av nye veterinærar og krevjande reiseveg eller infrastruktur. Vi ser, som likt med fleire kommunar i Noreg, at svakt næringsgrunnlag gir dårleg inntening for veterinærane, og at dette heng saman med dårleg veterinærdekning. I Rogaland skil Sauda seg særskild ut, med ein veterinær i eit næringssvakt område.

I rapporten går det fram at fleire veterinærar melder om færre oppdrag og sviktande næringsgrunnlag, og at dette fører blant anna til mindre samarbeid mellom kollegaer. Vidare gir deltaking i vaktordninga ein stor belastning spesielt tanke på arbeidstid. Vaktordninga kan gi lange arbeidsdagar og køyring over store avstandar, året rundt med varierande vegstandard. Dette får fleire konsekvensar, blant anna utfordringar med å rekruttere nye veterinærar til spesielt distriktsområda, og fare for at vaktordninga blir ubemanna. I søknadane om stimuleringstilskot i Rogaland, ser vi at desse årsaka er gitt som grunn for å søkje om tilskot.

Kva med veterinærdekninga i framtida?

Rapporten viser at tal veterinærar som blir uteksaminert, og som er norske statsborgarar, har vært aukande frå 2012 til 2022. Rapporten stadfestar samstundes at behovet for veterinærkompetanse er større enn nokon gong, og det vil vera underdekning av veterinærar i lang tid. Difor er det forventa at utfordringane med tilfredsstillande veterinærdekning i distrikta spesielt vil halde fram, og mogleg auka. Basert på desse opplysningane, er det grunn til å tro at dette óg vil gjelde for enkelte distrikt i Rogaland.

Kva vil veterinærane?

Veterinærforeininga utførte ein undersøking blant sine medlemmar i 2020 som kartla hovudarbeidsområda. Av dei 1704 yrkesaktive som svarte,  arbeida 38 prosent  med klinisk praksis kjæledyr og 12 prosent med klinisk praksis produksjonsdyr. I 2022 gjennomførte Den Norske Veterinærforeininga ei undersøking blant studentane om kva dei ynskjer å arbeide med etter studiet. Sjølv om dei fleste hadde ynskje om å jobba med kjæledyr, 71 prosent, svarte 56 prosent ynskje om å jobba med produksjonsdyr. Årsaka til at dei ikkje ynskje å jobba med produksjonsdyr er høg arbeidsbelastning, ynskje om å ikkje vera sjølvstendig næringsdrivande eller fagleg interesse.

Gruppas samanslutning om moglege tiltak

Basert på alle opplysningane som har kome fram, har gruppa lagt fram 6 moglege tiltak for å betre veterinærdekninga. De kan finne utfyllande informasjon om kvart punkt i rapporten under kapittel 13.2. Forbetringspunkta er følgjande:

  • Rekrutteringstiltak, mentorordningar
  • Alternative eller fleire oppgåver for veterinærane
  • Endringar i vaktområda og vaktorganisering
  • Endra eller økte statlege tilskot
  • Forvaltningsmessige forbetringar
  • Lovendringar

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.